[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Mynt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein mynt er ei prega metallskive som har ei fastsett økonomisk verdi, slik at han kan verte bruka som betalingsmiddel.

Ideen bak dei første myntane var at mynten hadde ein eigenverdi, altså at metallet som mynten var laga av (fortrinnsvis gull eller sølv), var like mykje verdt som det mynten var pålydande. So lenge mynten vart verdsett ut frå eigenverdien, vart han ofte nytta som gangbar valuta jamvel utanom opphavslandet.

Myntar slik vi kjenner dei, vart første gong brukt i oldtidsriket Lydia rundt 600 f.Kr.

Myntsamling (numismatikk) er ei mykje omtykt fritidsinteresse.

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.