Mykensk kultur
Mykensk kultur er den siste fasen av bronsealderen i Hellas i antikken, og spenner over perioden frå omtrent 1750 til 1050 f.Kr.[1] Han representerer den fyrste avanserte og særprega greske sivilisasjonen på det greske fastlandet med dei urbane rika sine basert på palass, kunstverk og skriftsystem.[2][3] Den mykenske kulturen på det greske fastlandet blei truleg stimulert av kontakten med den rike og avanserte minoiske kulturen på Kreta og og andre middelhavskulturar til å utvikla ein meir sofistikert sosiopolitisk kultur for seg sjølv.[4] Det mest framståande urbane samfunnet var Mykene nordaust på Peloponnes i sørlege Hellas, som kulturen i denne epoken har fått namn etter. Andre maktsenter som dukka opp var mellom anna Pýlos, Tiryns og Mideia, også på Peloponnes, dessutan Orchomenos, Theben og Athen i Sentral-Hellas, og Iolkós i Thessalía. Mykenske busetjingar dukka også opp i Epirus, Makedonia, på øyar i Egearhavet, på sørvestkysten av Anatolia, og på Kypros, samtidig var det busetjingar påverka av mykensk kultur i Levanten[5] og sørlege Italia.[6][7][8][8][9][10]
Dei mykenske grekarane stod for fleire nyvinningar innan ingeniørfag, arkitektur og militær infrastruktur, medan handel over store område av Middelhavet var avgjerande for den mykenske økonomien. Stavingsskrifta til kulturen, linear B, var den første skriftlege dokumentasjonen av det greske språket, og den mykenske religionen omfatta allereie fleire guddommar som også opptrer i den olympiske gudeverda og i gresk mytologi. Mykensk Hellas var dominert av eit helte- og krigararistokrati og bestod av eit nettverk av samfunn som krinsa om palass som utvikla rigide hierarkiske, politiske, sosiale og økonomiske system. Leiaren for krigararistokratiet var kongen, som blei kalla wanax.[11]
Mykensk Hellas gjekk til grunne under samanbrotet av bronsealderkulturen i det austlege Middelhavet. Kulturen blei følgd av dei mørke hundreåra i Hellas, ein overgangsperiode utan skriftleg dokumentasjon som førte fram til det arkaiske Hellas då det fann stad store endringar skjedde frå den sentraliserte palasskulturen til desentraliserte former for sosioøkonomisk organisasjon (mellom anna den omfattande bruken av jern).[12] Det er lagt fram ulike teoriar for enden på denne sivilisasjonen, blant dei mangelen på tinn for å produsera bronse, den doriske invasjonen eller aktivitetar knytte til «havfolka». Andre teoriar som naturkatastrofar, som jordskjelv og klimatiske endringar, er også blitt lagt fram. Den mykenske perioden blei den historiske ramma for mykje av gresk litteratur og mytologi i oldtida, mellom anna den trojanske episke syklusen.[13]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Tidleg mykensk periode og sjaktgravepoken (ca. 1750–1400 f.Kr.)
[endre | endre wikiteksten]Den gjennomgåande konsensusen blant moderne mykenologar er at den mykenske sivilisasjonen byrja rundt 1750 f.Kr.,[14] med opphav og utvikling frå det lokale sosiokulturelle landskapet i tidleg og midtre bronsealder på det greske fastlandet og med påverknad frå minoiske Kreta.[15][16] Mot slutten av midtre bronsealder (ca. 1700/1675 f.Kr.)[17] fann det stad ein stor auke i folketalet og talet på busetjingar.[18] Ei rekkje maktsenter etablerte seg i den sørlege delen av det greske fastlandet, som var dominert av eit krigselitesamfunn,[19] medan dei typiske bustadene frå denne tida var ein tidleg type bygningar av typen megaron, og der nokon var meir komplekse strukturar klassifisert som forløparar til dei seinare palassa. Ei rekkje steder blei det også reist forsvarsmurar.[20]
Ein har avdekt nye typar gravferder og meir imponerande gravleggingar vorte avdekte, som viser eit stort utval av luksuriøse gjenstandar.[21][22] Blant dei ulike gravtypane blei sjaktgrava den vanlegaste forma for elitegravferd, eit trekk som gav namnet til den tidlege perioden i det mykenske Hellas.[23] Blant den mykenske eliten blei avdøde menn vanlegvis lagt til kvile i gullmasker og gravrustningar, og kvinner i gullkroner og klede som skein av gullsmykke.[24] Dei kongelege sjaktgravene ved sida av akropolis i Mykene, spesielt gravsirklane A og B, antyda hevinga av eit innfødt gresktalande kongedynasti med ei økonomisk makt som var avhengig av langdistansehandel.[25]
I løpet av denne perioden hadde dei mykenske maktsentera auka kontakt med omverda, særleg med Kykladene i Egearhavet og dei minoiske sentera på Kreta. Mykensk nærvær ser også ut til å vera avbilda i eit freskomåleri ved Akrotíri på øya Thera (tidlegare Santorini), som kanskje viser mange krigarar i hjelmar pryda med villsvintenner, eit trekk som er typisk for mykensk krigføring.[26] På byrjinga av 1400-talet f.Kr. intensiverte handelen med mykensk keramikk som nådde vestkysten av Anatolia, mellom anna sentera Miletos og Troja, og dei områda som no blir kalla Kypros, Libanon, Palestina og Egypt.[27]
Tidleg mykensk sivilisasjon frå perioden med sjaktgravtradisjonen viser generelt stor innverknad frå minoisk Kreta med omsyn til mellom anna kunst, infrastruktur og symbol, samtidig som dei held oppe nokre helladiske element og dessutan nokre innovasjonar og nokre vestasiatiske påverknader. Ein forskjell mellom mykenske og minoiske sivilisasjonar er kompleksitet og monumentalitet. Mykensk handverk og arkitektur er meir forenkla versjonar av minoiske, men er meir monumentale i storleik. Seinare fasar av den mykenske sivilisasjonen viser meir sofistikert, og kjem til å overgå det minoiske Kreta etter nokre hundreår.[28]
På slutten av tida med sjaktgraver dukka det opp ein ny og meir imponerande type elitegrav, tholos som minte om bikubar: store sirkulære gravkammer med høge kvelva tak og ein rett inngangspassasje framme som var bygga i stein.[29]
Samordna felleskultur (ca. 1400–1200 f.Kr.)
[endre | endre wikiteksten]Frå 1400-talet f.Kr. byrja mykenarane å spreia innverknaden sin over heile Egearhavet og langs vestkysten av Anatolia. Rundt 1450 f.Kr. blei palasset i Knossos styrt av ein mykensk elite som danna ein hybrid minoisk-mykensk kultur. Mykenarane busette seg også på fleire andre egeiske øyar, og nådde så langt som til Rhodos.[30][31] Slike blei mykenarane den dominerande makta i regionen, og markerte byrjinga på den mykenske «koine»-tida (frå gresk: kοινή, «felles»), ein svært einsarta kultur som spreidde seg på fastlandet i Hellas og rundt Egearhavet.[32]
Frå tidleg på 1300-talet f.Kr. byrja mykensk handel å utnytta dei nye kommersielle moglegheitene i Middelhavet etter det minoiske samanbrotet.[33] Handelsrutene blei utvida ytterlegare, og nådde Kypros, Amman i dagens Jordan, søraustkysten av Italia og så langt unna som Spania.[34] Frå denne tidsperioden (ca. 1400 f.Kr.) har palasset i Knossos gitt dei tidlegaste registreringane av det greske Linear B, basert på den tidlegare Linear A til minoarane. Bruken av det nye skriftspråket spreidde seg på det greske fastlandet og har gitt verdifull innsikt i det administrative nettverket til dei mykenske maktsentera. Likevel er dei avdekte oppteikningane for fragmentariske til å gje ein politisk rekonstruksjon av Hellas i bronsealderen.[35]
Utgravingar ved Miletos, sørvest ved kysten av Anatolia, tyder på ein mykensk busetnad der allereie frå ca. 1450 f.Kr., og som overtok og erstatta dei tidlegare minoiske installasjonane.[36] Denne staden blei eit stort og velståande mykensk senter fram til det 12 hundreåret f.Kr.[37] Bortsett frå dei arkeologiske funna er det også vitnemål for dette i hettittiske tekstar, som indikerer at Miletos (Milawata på hettittisk) var den viktigaste basen for mykensk aktivitet i Anatolia.[38] Det var også mykensk nærvær i dei tilstøytande stadene Iasos og Efesos.[39]
I mellomtida blei det reist imponerande palass i dei viktigaste mykenske sentera på fastlandet. Dei eldste palassliknande strukturane var bygningar av typen megaron, slik som Menelaion i Sparta i Lakonía.[40] Eigne palass kan daterast frå ca. 1400 f.Kr., då det blei bygd kyklopiske festningsverk ved Mykene og nærliggjande Tiryns. Det blei også laga palass i Mideia og Pýlos på Peloponnes, i Athen, Eleusis, Theben og Orchomenos i Sentral-Hellas og Iolkós, i Thessalía, sistnemnde er det nordlegaste mykenske senteret. Knossos på Kreta blei også eit mykensk senter, der det tidlegare minoiske komplekset gjekk gjennom ei rekkje justeringar, mellom anna tillegg av ein tronsal.[41] Desse sentera bygde på eit rigid nettverk av byråkrati der administrative kompetansar var klassifiserte i ulike seksjonar og kontor etter spesialisering av arbeid og fag. I spissen for dette samfunnet stod kongen, som var kjend som wanax (Linear B: wa-na-ka) på mykensk gresk. All makt var tillagd han, som den øvste jordeigaren og som den åndelege og militære leiaren. Samtidig var han føretaksleiar og handelsmann, og hadde hjelp frå eit nettverk av høge tenestemenn.[42]
Engasjement i Anatolia
[endre | endre wikiteksten]Ahhiyawa som held til i det vestlege Anatolia er nemnde i ulike hettittiske meldingar frå ca. 1400 til ca. 1220 f.Kr.[43] Ahhiyawa er generelt akseptert som ei hettittisk nemning for mykensk Hellas (akhaiarar på homerisk gresk), men ein presis geografisk definisjon av omgrepet kan ein ikkje utleia frå tekstane.[44] På denne tida var kongane av Ahhiyawa tydelegvis i stand til å handtera dei hettittiske kollegaene sine både på diplomatisk og militært nivå.[45] Ahhiyawa hadde også betydeleg politisk innverknad i delar av vestlege Anatolia, typisk ved å oppmuntra til anti-hettittiske opprør og ved å samarbeida med lokale vasallherskarar.[46]
I tida rundt 1400 f.Kr. nemner hettittiske nedteikningar dei militære aktivitetane til ein krigsherre kalla Attarsiya frå Ahhiyawan, kanskje knytt til den mytiske Atrevs. Denne Attarsiya angreip hettittiske vasallar i det vestlege Anatolia, blant dei Madduwatta.[47] Seinare, ca. 1315 f.Kr., fekk eit anti-hettittisk opprør leidd av Arzawa, ein hettittisk vasallstat, støtte frå Ahhiyawa.[48] I mellomtida ser det ut til at Ahhiyawa hadde kontroll over ei rekkje øyar i Egearhavet, eit inntrykk som også blir støtta av arkeologiske bevis.[49] Under den hettittiske kongen Ḫattušili III (ca. 1267–1237 f.Kr.) er kongen av Ahhiyawa anerkjend som ein «stor konge» og av same status som dei andre samtidige store bronsealderherskarane: kongane av Egypt, Babylonia og Assyria.[50] På den tida oppstod det ei anna anti-hettittisk rørsle, leidd av ein Piyama-Radu, som fekk støtte frå kongen av Ahhiyawa.[51] Piyama-Radu forårsaka stor uro som kan ha utvida seg til regionen Wilusa (kanskje identifisert med Troja),[52] og invaderte seinare øya Lesbos, som deretter hamna under kontrollen til Ahhiyawan.[53]
Forskarar har spekulert i at den mytiske tradisjonen frå Trojakrigen kan ha eit historisk grunnlag i den politiske uroa i denne epoken.[54] Som eit resultat av denne uroa sette den hettittiske kongen i gang korrespondanse for å overtyda Ahhiyawan-motparten sin om å retta opp igjen freden i regionen. Den hettittiske oppteikninga nemner ein viss Tawagalawa, ei mogleg hettittisk attgjeving av det greske namnet Eteokles, som bror til kongen av Ahhiyawa.[55][56]
Samanbrotet til palassmakta (ca. 1200–1050 f.Kr.)
[endre | endre wikiteksten]I tida rundt 1250 f.Kr. skjedde den fyrste bølgja av øydelegging i tilsynelatande ulike sentrum på det greske fastlandet av årsaker som ikkje kan identifiserast av arkeologar. I Boiotia brann Theben ned til grunnen kring dette året eller litt seinare.[57] Nærliggende Orchomenos blei ikkje øydelagd på dette tidspunktet, men blei forlaten, medan dei boiotiske festningsverka i Gla viser bevis for ei målretta øydelegging då berre dei fire portane og den monumentale bygningen, kalla Melathron, blei brende før staden blei forlaten.[58] På Peloponnes blei ei rekkje bygningar rundt festninga i Mykene angripne og brende.[59]
Desse hendingane ser ut til å ha ført til massive forsterkningar og utvidingar av festningsverka på dei ulike stadene. I nokre tilfelle blei det også lagt til rette for å byggja underjordiske passasjar som førte til underjordiske sisterner. Tiryns, Mideia og Athen utvida forsvaret sitt med nye murar i kyklopisk murstil (store, rått tilhogde steinar).[60] Utvidingane i Mykene dobla nesten det befesta festningsområdet. Til denne utvidingsfasen høyrer den imponerande Løveporten, hovudinngangen til den mykenske akropolisen med to holøver.[61] Porten er det einaste bevarte monumentale stykket av mykensk skulptur.[62]
Det ser ut til at etter denne fyrste bølgja med øydeleggingar følgde ei kortvarig gjenoppliving av mykensk kultur.[63] Mykenske Hellas blei stadig nemnt i internasjonale saker, særleg i hettittiske dokument. Ein gong rundt 1220 f.Kr. er kongen av Ahhiyawa igjen rapportert å ha vore involvert i eit anti-hettittisk opprør i det vestlege Anatolia.[64] Ei anna samtidig hettittisk melding rapporterer at Ahhiyawan-skip bør unngå assyrisk kontrollerte hamner, som ein del av ein handelsembargo som var pålagd Assyria.[65] Generelt var handelen i tilbakegang i det austlege Middelhavet i andre halvdel av 1200-talet f.Kr., mest truleg på grunn av det ustabile politiske miljøet der.[66]
Det endeleg samanbrotet
[endre | endre wikiteksten]Ingen av forsvarstiltaka ser ut til å ha stoppa den endelege øydelegginga og samanbrotet til dei mykenske statane. Ei andre øydelegging ramma Mykene i ca. 1190 f.Kr. eller kort tid etter. Denne hendinga markerte slutten på Mykene som ei stormakt. Området blei gjeninnteke seinare, men i mindre skala.[67] Ein nyleg studie antydar at ingen av palassa i Tiryns eller Mideia blei øydelagde av jordskjelv, og vidare studiar har funne opp mot femti pilspissar spreidd i øydeleggingane ved Mideia, noko som kanskje indikerer at øydelegginga var forårsaka av eit angrep.[68] Palasset i Pýlos i sørvestlege Peloponnes blei øydelagt ein gong rundt 1180 f.Kr.[69][70] Leirearkiva med linear B som blei funne der, bevart av varmen frå brannen som øydela palasset, nemner forhasta forsvarsførebuingar på grunn av eit snarleg angrep utan å gje detaljar om den angripande styrken.[71]
Som eit resultat av denne uroa opplevde spesifikke regionar på det greske fastlandet ein dramatisk befolkningsnedgang, særleg Boeotia, Argolis og Messenia.[72] Mykenske flyktningar emigrerte til Kypros og kysten av Levanten.[73] Likevel hadde andre regionar i utkanten av den mykenske verda framgang, som dei joniske øyane i vest, det nordvestlege Peloponnes, delar av Attika og ei rekkje øyar i Egearhavet.[74] Akropolis i Athen ser merkeleg nok ut til å ha unngått øydeleggingar.[74]
Athen og austkysten av Attika var framleis busett på 1100-talet f.Kr., og blei ikkje øydelagde eller forlatne; dette peikar på eksistensen av nye desentraliserte kyst- og maritime nettverk der. Det er attestert av gravplassen i Perati som varte i eit hundreår og viste import frå Kykladane, Dodekanesane, Kreta, Kypros, Egypt og Syria, og dessutan av den seine helladiske IIIC (ca. 1210–1040 f.Kr.) gravplassen i Drivlia ved Porto Rafti (Limin Markopoulou); ligg 2 km vest for Perati. Dette indikerer at Attika deltok i langdistansehandel, og også var innlemma i eit nettverk på fastlandet.[75]
Staden Mykene opplevde eit gradvis tap av politisk og økonomisk status, medan Tiryns, som også er i regionen Argolis, utvida busetjinga si og blei det største lokale senteret i løpet av perioden etter palassrika, i sein helladisk IIIC, ca. 1200–1050 f.Kr.[76]
Arkeologiske undersøkingar har gitt eit nedslåande bilde av tida etter samanbrotet. Talet på busette stader på fastlandet fall med to tredelar på 1100-talet f.Kr. og med to tredelar til på 1000-talet f.Kr. Dette var det lågaste punktet før folketalet byrja å auka igjen. Det dobla seg på 900-talet f.Kr. og dobla seg på nytt i det følgjande hundreåret. Befolkninga ikkje berre dalte mykje i slutten av bronsealderen, men stadene blei mindre komplekse, og busetnadane i tidleg jernalder var mykje mindre enn perioden forut.[77]
Arv
[endre | endre wikiteksten]På 800-talet f.Kr., etter slutten av den såkalla «greske mørke mellomalderen», voks Hellas fram med eit nettverk av mytar og legender der den største var den trojanske episke syklusen.[78] Generelt idealiserte grekarane i den klassiske antikken den mykenske perioden som ein strålande periode med heltar, nærleik til gudane og materiell rikdom.[79] Legendene om Homer sitt epos blei spesielt og generelt aksepterte som ein del av den greske fortida, og det var ikkje før på 1800-talet at lærde byrja å setja spørsmålsteikn ved historisiteten til Homer.[80] På dette tidspunktet gjennomførte den tyske arkeologen Heinrich Schliemann dei fyrste moderne arkeologiske utgravingane i Hellas på staden for Mykene i 1876.[81] Derfor sette Schliemann seg føre å bevisa den historiske nøyaktigheita til Iliaden ved å identifisera stadene skildra av Homer.[80]
Som ein del av den mykenske arven som overlevde, blei namna på gudane og gudinnene i det mykenske Hellas hovedgudene i det olympiske panteonet frå den seinare antikken.[82] Dessutan gav språket til mykenarane det fyrste skriftlege beviset på gresk,[83] medan ein stor del av det mykenske vokabularet også kan finnast på moderne vesteuropeiske språk.[84]
Dei mykenske grekarane var også pionerar innan ingeniørfaget, og lanserte prosjekt i storskala som var utan sidestykke i Europa fram til romartida, som festningsverk, bruer, stikkrenner, akveduktar, demningar og vegar eigna for hjultrafikk. Dei stod også for fleire arkitektoniske nyvinningar, til dømes den avlastande trekanten i boge.[85] Dei var også ansvarlege for å overføra eit breitt spekter av kunst og handverk, spesielt av minoisk opphav. Den mykenske sivilisasjonen var generelt meir avansert samanlikna med dei andre europeiske kulturane sein bronsealder.[86] Fleire mykenske eigenskapar og prestasjonar blei lånte eller haldne høgt hevda i seinare periodar, og det er derfor ikkje ei overdriving å rekna det mykenske Hellas som vogga til den europeiske sivilisasjonen.[87]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Rekonstruksjon av eit mykensk skip.
-
«Fylakopí-gudinnen»; hjullaga keramikkfigur av ei gudinne eller prestinne frå vest-heilagdommen i Fylakopí på øya Mílos; sein helladisk IIIA-periode, 1300-talet f.Kr., Mílos arkeologiske museum.
-
Fi-ty og psi-type mykenske kvinnefigurar; Museum for kykladisk kunst, Athen. 1300-1100-talet f.Kr.]]
-
Kyklopisk mur, baksida av Løveporten i Mykene.
-
Mykensk palass-amfora med blekksprutmotiv, minoisk inspirert, avdekt i nærleiken av Árgos.
-
Freskomåleri av ei mykensk kvinne.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Knodell (2021), tabell 1, s. 7, 65.
- ↑ Lazaridis et al. (2017), Tilleggsinformasjon: s. 2–3
- ↑ Fields (2004), s. 10–11.
- ↑ «Mycenaean Civilization», World History Encyclopedia
- ↑ van Wijngaarden (2002), Part II: The Levant, s. 31–124; Bietak & Czerny (2007), Sigrid Deger-Jalkotzy, «Mycenaeans and Philistines in the Levant», s. 501–629.
- ↑ Hammond (1976), s. 139. Sitat: «Moreover, in this area a small tholos-tomb with Mycenaean pottery of III B style and a Mycenaean acropolis have been reported at Kiperi near Parga, and another Mycenaean acropolis lay above the Oracle of the Dead on the hill called Xylokastro»; Tandy (2001), s. xii (Fig. 1); s. 2. Sitat: «"The strongest evidence for Mycenaean presence in Epirus is found in the coastal zone of the lower Acheron River, which in antiquity emptied into a bay on the Ionian coast known from ancient sources as Glykys Limin (Figure 2-A).»
- ↑ Hatzopoulos (2011), s. 53. Sitat: «There is one illusion that ought to be first dispelled—that Mt Olympus and the Kambounian mountains constituted an impassable barrier between Thessaly and Macedonia. In fact recent archaeological discoveries have established that already in the second millennium bc the Mycenaean world extended well beyond Thessaly and included at least the southern part of Macedonia. Abundant Mycenaean pottery, both imported and locally produced, weapons, pins, brooches and syllabic script have been found in tombs of Orestis, Elimeia and Pieria»; Borza (1992), s. 64: «The existence of a Late Bronze Age Mycenaean settlement in the Petra not only confirms its importance as a route from an early period, but also extends the limits of Mycenaean settlement to the Macedonian frontier.»
- ↑ 8,0 8,1 Castleden (2005), s. 192.
- ↑ van Wijngaarden (2002), Part III: Cyprus, s. 125–202.
- ↑ Peruzzi (1980); van Wijngaarden (2002), Part IV: The Central Mediterranean, s. 203–260.
- ↑ Willms, Lothar (2010): «On the IE Etymology of Greek (w)anax». Glotta. 86 (1–4): 232–271. doi:10.13109/glot.2010.86.14.232. ISSN 0017-1298. JSTOR 41219890.
- ↑ Morris (1996), «Greece: Dark Age Greece», s. 253–256.
- ↑ I hvilken grad Homer forsøkte eller lyktes i å gjenskape eller formidle en "mykensk" bakgrunn, undersøkes i Finley, Moses I. (1954): The World of Odysseus
- ↑ Lazaridis et al. (2017), Tilleggsinformasjon: s. 2–3
- ↑ Littauer & Crouwel (1996), s. 299. Sitat: «The Shaft Graves of Mycenae themselves do not mark a new dynasty imposed from outside, as Drews and other scholars would have it; nor do they represent a sudden clear break with the Middle Helladic past. The tombs indicate the rise of vigorous local chieftains who became a warrior élite.»
- ↑ Littauer & Crouwel (1996), s. 299. Sitat: «The Shaft Graves of Mycenae themselves do not mark a new dynasty imposed from outside, as Drews and other scholars would have it; nor do they represent a sudden clear break with the Middle Helladic past. The tombs indicate the rise of vigorous local chieftains who became a warrior élite.»
- ↑ Lazaridis et al. (2017), Tilleggsinformasjon: s. 2–3
- ↑ Schofield (2006), s. 31.
- ↑ Dickinson (1977), s. 32, 53, 107–108; Dickinson (1999), s. 97–107.
- ↑ Schofield (2006), s. 51.
- ↑ Schofield (2006), s. 31.
- ↑ Schofield (2006), s. 48.
- ↑ Schofield (2006), s. 31.
- ↑ Schofield (2006), s. 32.
- ↑ Dickinson (1977), s. 53, 107; Littauer & Crouwel (1996), s. 297–305.
- ↑ Schofield (2006), s. 67.
- ↑ Schofield (2006), s. 64–68.
- ↑ Higgins, Reynold Alleyne (1997): Minoan and Mycenaean art. World of art (Ny revi. utg.). London: Thames and Hudson. ISBN 978-0-500-20303-3.
- ↑ Castleden (2005), s. 97; Schofield (2006), s. 55.
- ↑ Tartaron (2013), s. 28.
- ↑ Schofield (2006), s. 71–72.
- ↑ Schofield (2006), s. 75.
- ↑ Schofield (2006), s. 71–72.
- ↑ Schofield (2006), s. 71–72.
- ↑ Kelder (2010), s. 8.
- ↑ Tartaron (2013), s. 21.
- ↑ Kelder (2010), s. 50, 52.
- ↑ Bryce (2005), s. 361.
- ↑ Castleden (2005), s. 194. Sitat: «The Mycenaean colonies in Anatolia were emphatically confined to a narrow coastal strip in the west. There were community-colonies at Ephesus, Iasos and Miletus, but they had little effect on the interior...»
- ↑ Kelder (2010), s. 107.
- ↑ Kelder (2010), s. 108–109.
- ↑ Kelder (2010), s. 11; Fields (2004), s. 53.
- ↑ Bryce (2005), s. 361.
- ↑ Beckman, Bryce & Cline (2012), s. 6.
- ↑ Kelder (2010), s. 119–120.
- ↑ Bryce (2005), s. 59; Kelder (2010), s. 23.
- ↑ Bryce (2005), s. 129, 368.
- ↑ Bryce (2005), s. 193.
- ↑ Bryce (2005), s. 193.
- ↑ Bryce (2005), s. 58; Kelder (2010), s. 119–120.
- ↑ Bryce (2005), s. 224.
- ↑ Bryce (2005), s. 86,181–182.
- ↑ Kelder (2010), s. 27.
- ↑ Bryce (2005), s. 361, 364.
- ↑ Kelder (2010), s. 27.
- ↑ Bryce (2005), s. 290.
- ↑ Kelder (2010), s. 34.
- ↑ Millek, Jesse (2023): Destruction and Its Impact on Ancient Societies at the End of the Bronze Age. Lockwood Press. ISBN 9781948488846; s. 74–75, 139–142.
- ↑ Cline (2014), s. 130.
- ↑ Castleden (2005), s. 219.
- ↑ Castleden (2005), s. 219.
- ↑ Hampe, Roland; Simon, Erika (1981): The Birth of Greek Art: From the Mycenaean to the Archaic Period. New York: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-520226-7; s. 49. Sitat: «The lions, who looked out over the land, served to protect the gate and the city. They also show that the city, and the king who ruled it, stood under the protection of the goddess Hera. The Lion relief is the sole monumental piece of Mycenaean sculpture which has come down to us.»
- ↑ Freeman (2014), s. 126.
- ↑ Kelder (2010), s. 33.
- ↑ Kelder (2010), s. 32.
- ↑ Tartaron (2013), s. 20.
- ↑ Cline (2014), s. 130.
- ↑ Millek (2023), s. 147–156.
- ↑ Cline (2014), s. 129.
- ↑ Tartaron (2013), s. 18.
- ↑ Freeman (2014), s. 126.
- ↑ Freeman (2014), s. 126.
- ↑ Tartaron (2013), s. 18.
- ↑ 74,0 74,1 Freeman (2014), s. 126.
- ↑ Salavoura, Eleni (2021): «New opportunities in turbulent times: Attica in the 12th c. BC», EAA 2021, Widening Horizons, 8–11 September, Kiel.
- ↑ Zeman, Piotr (2021): «Differing trajectories of collapse in the Late Bronze Age Argolid: Mycenae and Tiryns from 1250 BC to 1100 BC», EAA 2021, Widening Horizons, 8–11 September, Kiel.
- ↑ Price & Thonemann (2011), s. 61.
- ↑ Castleden (2005), s. 2.
- ↑ Hansen (2004), s. 7.
- ↑ 80,0 80,1 Castleden (2005), s. 2.
- ↑ Sansone (2004), "Greece in the Bronze Age", s. 7–8.
- ↑ Castleden (2005), s. 235.
- ↑ Castleden (2005), s. 228.
- ↑ Vallance, Richard (2015): «Did you Know you Speak Mycenaean Greek? You do!», Academia.edu. Sitat: «Whether we realize it or not, not only are tens of thousands of English words direct derivatives of ancient Greek, but some are derived even from Mycenaean Greek, which makes them very ancient indeed!»
- ↑ Castleden (2005), s. 231.
- ↑ Castleden (2005), s. 230.
- ↑ Castleden (2005), s. 231.
- Denne artikkelen bygger på «Mykensk kultur» frå Wikipedia på bokmål, den 17. november 2024.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Alden, Maureen Joan (2000). Well Built Mycenae (Volume 7): The Prehistoric Cemetery – pre-Mycenaean and Early Mycenaean Graves. Oxford: Oxbow Books. ISBN 978-1-84-217018-2.
- Alexakha, Andrey (2016). «A Model of Social Progress». The Journal of European Economic History 3: 137–209.
- Aydar, Erkan; ÇİNer, Attila; Ersoy, Orkun; ÉCochard, Emilie; Fouache, Eric G. (2021). «Volcanic ash and tsunami record of the Minoan Late Bronze Age Eruption (Santorini) in a distal setting, southwestern Turkey». Journal of Quaternary Science 36 (4): 586–597. Bibcode:2021JQS....36..586A. doi:10.1002/jqs.3314.
- Beckwith, Christopher I. (2009). Empires of the Silk Road: A History of Central Eurasia from the Bronze Age to the Present. Princeton and Oxford: Princeton University Press. ISBN 978-0-691-13589-2.
- Billigmeier, Jon-Christian; Turner, Judy A. (1981). «The socio‐economic roles of women in Mycenaean Greece: A brief survey from evidence of the Linear B tablets». Women's Studies 8 (1–2): 3–20. doi:10.1080/00497878.1981.9978529.
- Burns, Bryan E. (2010). Mycenaean Greece, Mediterranean Commerce and the Formation of Identity (1st utg.). New York: Cambridge University Press. ISBN 9780521119542.
- D'Amato, Raphaelo; Salimbeti, Andrea (2011). Bronze Age Greek Warrior 1600–1100 BC. illustrated by Giuseppe Rava. Oxford, UK: Osprey Pub Co. ISBN 9781849081955.
- Balmuth, Miriam S.; Tykot, Robert H. (1998). Studies in Sardinian Archaeology, Volume 5. Ann Arbor, MI: Oxbow Books. ISBN 9781900188821.
- Bietak, Manfred; Czerny, Ernst (2007). The synchronisation of civilisations in the Eastern Mediterranean in the second millennium B.C. III : proceedings of the SCIEM 2000—2nd EuroConference, Vienna, 28th of May-1st of June 2003. Wien: Verlag der Österreichischen Akademie der Wissenschaften. ISBN 978-3-7001-3527-2.
- Beckman, Gary M.; Bryce, Trevor R.; Cline, Eric H. (2012). «Writings from the Ancient World: The Ahhiyawa Texts» (PDF). Writings from the Ancient World (Atlanta: Society of Biblical Literature). ISSN 1570-7008.
- Borza, Eugene N. (1992). In the Shadow of Olympus: The Emergence of Macedon. Princeton, NJ: Princeton University Press. ISBN 978-0-691-00880-6.
- Bryce, Trevor (2005). The Kingdom of the Hittites (New utg.). Oxford: Oxford University Press. ISBN 9780199279081.
- Budin, Stephanie Lynn (2009) [2004]. The Ancient Greeks: An Introduction. Oxford and New York: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-537984-6.
- Castleden, Rodney (2005). The Mycenaeans. London and New York: Routledge. ISBN 978-0-415-36336-5.
- Cavanagh, William G.; Mee, Christopher (1998). A Private Place: Death in Prehistoric Greece [SIMA 125]. Jonsered: Paul Aströms Förlag. ISBN 978-9-17-081178-4.
- Chadwick, John; Baumbach, Lydia (1963). «The Mycenaean Greek Vocabulary». Glotta 41 (3/4): 157–271.
- Chadwick, John (1976). The Mycenaean World. Cambridge, UK: Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-29037-1.
- Clemente, Florian; Unterländer, Martina; Dolgova, Olga; Amorim, Carlos Eduardo G.; et al. (13. mai 2021). «The genomic history of the Aegean palatial civilizations». Cell 184 (10): 2565–2586.e21. ISSN 0092-8674. PMC 8127963. PMID 33930288. doi:10.1016/j.cell.2021.03.039.
- Cline, Eric H. (2007). «Rethinking Mycenaean International Trade with Egypt and the Near East». I Galaty, M.; Parkinson, W. Rethinking Mycenaean Palaces II: Revised and Expanded Edition. Los Angeles, CA: Cotsen Institute of Archaeology. s. 190–200.
- Cline, Eric H., red. (2012). The Oxford Handbook of the Bronze Age Aegean. Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-987360-9.
- Cline, Eric H. (2014). 1177 B.C. The Year Civilization Collapsed. Princeton, NJ: Princeton University Press. ISBN 978-1-40-084998-7.
- Coleman, John E. (2000). «An Archaeological Scenario for the "Coming of the Greeks" ca. 3200 B.C.». The Journal of Indo-European Studies 28: 101–153.
- de la Cruz, José Clemente Martín (1988). «Mykenische Keramik aus Bronzezeitlichen Siedlungsschichten von Montoro am Guadalquivir». Madrider Mitteilungen: 77–92.
- Dickinson, Oliver (1977). The Origins of Mycenaean Civilization. Götenberg: Paul Aströms Förlag.
- Dickinson, Oliver (desember 1999): «Invasion, Migration and the Shaft Graves», Bulletin of the Institute of Classical Studies. 43 (1): 97–107. doi:10.1111/j.2041-5370.1999.tb00480.x
- Dickinson, Oliver (2006). The Aegean from Bronze Age to Iron Age: Continuity and Change between the Twelfth and Eighth Centuries BC. New York, NY: Routledge. ISBN 978-0-20-396836-9.
- Drews, Robert (1993). The End of the Bronze Age. Princeton, NJ: Princeton University Press. ISBN 978-0-69-102591-9.
- Evans, Arthur J. (1930). The Palace of Minos: A Comparative Account of the Successive Stages of the Early Cretan Civilization as Illustred by the Discoveries at Knossos (Band 3): The Great Transitional Age in the Northern and Eastern Sections of the Palace. London: Macmillan. doi:10.11588/DIGLIT.811.
- Feuer, Bryan Avery (2004). Mycenaean Civilization: An Annotated Bibliography through 2002. Jefferson, NC: McFarland & Company, Inc. ISBN 978-0-78-641748-3.
- Fields, Nic; illustrated by Donato Spedaliere (2004). Mycenaean Citadels c. 1350–1200 BC (3rd utg.). Oxford: Osprey Publishing. ISBN 9781841767628.
- Fields, Nic; illustrated by Brian Delf (2006). Bronze Age War Chariots. Oxford: Osprey. ISBN 9781841769448.
- Finley, Moses I. (1954). The World of Odysseus. New York, NY: New York Review Books. ISBN 978-1-59-017017-5.
- Fisher, Elizabeth A. (1998). The Mycenaeans and Apulia. An Examination of Aegean Bronze Age Contacts with Apulia in Eastern Magna Grecia. Jonsered, Sweden: Astrom.
- Freeman, Charles (2014). Egypt, Greece and Rome: Civilizations of the Ancient Mediterranean (3rd utg.). Oxford: Oxford University Press. ISBN 9780199651924.
- French, Elizabeth (1971). «The Development of Mycenaean Terracotta Figurines». The Annual of the British School at Athens 66: 101–187. ISSN 0068-2454. JSTOR 30103231. doi:10.1017/S0068245400019146.
- Furumark, Arne (1941). The Mycenaean Pottery: Analysis and Classification. Stockholm: Victor Pettersons Bokindustriaktiebolag.
- Graziado, Giampaolo (juli 1991): «The Process of Social Stratification at Mycenae in the Shaft Grave Period: A Comparative Examination of the Evidence». American Journal of Archaeology 95 (3): 403–440. JSTOR 505489. doi:10.2307/505489.
- Hägg, Robin; Marinatos, Nannó (1981). Sanctuaries and Cults in the Aegean Bronze Age: Proceedings of the First International Symposium at the Swedish Institute in Athens, 12–13 May, 1980. Stockholm: Svenska Institutet i Athen. ISBN 978-9-18-508643-6.
- Hajnal, Ivo; Posch, Claudia (2009). «Graeco-Anatolian Contacts in the Mycenaean Period». Sprachwissenschaft Innsbruck Institut für Sprachen und Literaturen. Henta 4 April 2015.
- Hammond, Nicholas G.L. (1967). «Tumulus Burial in Albania, the Grave Circles of Mycenae, and the Indo-Europeans». Annual of the British School at Athens 62: 77–105. doi:10.1017/S006824540001409X.
- Hammond, Nicholas G.L. (1976). Migrations and Invasions in Greece and Adjacent Areas. Park Ridge, NJ: Noyes Press. ISBN 978-0-8155-5047-1.
- Hansen, William F. (2004). Handbook of Classical Mythology. Santa Barbara, CA: ABC-CLIO. ISBN 978-1-57-607226-4.
- Hatzopoulos, Miltiades (2011). «Macedonians and other Greeks». I Fox, Robin Lane. Brill's Companion to Ancient Macedon: Studies in the Archaeology and History of Macedon, 650 BC – 300 AD (på engelsk). BRILL. ISBN 978-90-04-20650-2.
- Hood, Sinclair (1978). The Arts in Prehistoric Greece. Harmondsworth: Penguin (Penguin/Yale History of Art). ISBN 0140561420.
- Howard, Dan (2011). Bronze Age Military Equipment. Barnsley: Pen & Sword Military. ISBN 9781848842939.
- Hruby, Julie (2017). «3 Finding haute cuisine: Identifying shifts in food styles from cooking vessels». I Hruby, Julie; Trusty, Debra. From Cooking Vessels to Cultural Practices in the Late Bronze Age Aegean. Oxford and Philadelphia: Oxbow Books. s. 15–26. ISBN 9781785706325.
- Hughes-Brock, Helen (1999). «Mycenaean Beads: Gender and Social Contexts». Oxford Journal of Archaeology 18 (3): 277–296. doi:10.1111/1468-0092.00084.
- Iacovou, Maria (2013). «Chapter Twenty-Two Aegean-Style Material Culture in Late Cypriot III: Minimal Evidence, Maximum Interpretation». I Killebrew, Ann E.; Lehmann, Gunnar. The Philistines and other "Sea Peoples" in Text and Archaeology. Atlanta, GA: Society of Biblical Literature. s. 585–618. ISBN 978-1-58-983721-8.
- Immerwahr, Sara A. (1990). Aegean Painting in the Bronze Age. University Park: Pennsylvania State University Press. ISBN 978-0-27-100628-4.
- Kagan, Donald; Viggiano, Gregory F. (2013). Men of Bronze: Hoplite Warfare in Ancient Greece. Princeton, NJ: Princeton University Press. ISBN 9781400846306.
- Kelder, Jorrit M. (2010). «The Kingdom of Mycenae: A Great Kingdom in the Late Bronze Age Aegean». CDL Press (Bethesda, MD). Henta 18 March 2015.
- Kling, Barbara (1989). Mycenaean IIIC:1b and Related Pottery in Cyprus. Lund: P. Aströms Förlag. ISBN 978-9-18-609893-3.
- Knodell, Alex R. (2021). Societies in Transition in Early Greece: An Archaeological History. Oakland, CA: University of California Press. ISBN 978-0-520-38054-7. doi:10.1525/luminos.101.
- Latacz, Joachim (2004). Troy and Homer: Towards a Solution of an Old Mystery. Oxford: Oxford University Press. ISBN 9780199263080.
- Lazaridis, Iosif; Mittnik, Alissa; Patterson, Nick; Mallick, Swapan; Rohland, Nadin; Pfrengle, Saskia; Furtwängler, Anja; Peltzer, Alexander; Posth, Cosimo; Vasilakis, Andonis; McGeorge, P. J. P.; Konsolaki-Yannopoulou, Eleni; Korres, George; Martlew, Holley; Michalodimitrakis, Manolis; Özsait, Mehmet; Özsait, Nesrin; Papathanasiou, Anastasia; Richards, Michael; Roodenberg, Songül Alpaslan; Tzedakis, Yannis; Arnott, Robert; Fernandes, Daniel M.; Hughey, Jeffery R.; Lotakis, Dimitra M.; Navas, Patrick A.; Maniatis, Yannis; Stamatoyannopoulos, John A.; Stewardson, Kristin; Stockhammer, Philipp; Pinhasi, Ron; Reich, David; Krause, Johannes; Stamatoyannopoulos, George (2017). «Genetic origins of the Minoans and Mycenaeans». Nature 548 (7666): 214–218. Bibcode:2017Natur.548..214L. ISSN 0028-0836. PMC 5565772. PMID 28783727. doi:10.1038/nature23310.
- Lazaridis, Iosif; m.fl. (2022a): «A genetic probe into the ancient and medieval history of Southern Europe and West Asia», Science. 377 (6609): 940–951. Bibcode:2022Sci...377..940L. PMC 10019558. PMID 36007020. doi:10.1126/science.abq0755.
- Lazaridis, Iosif; Alpaslan-Roodenberg, Songül; Acar, Ayşe; Açıkkol, Ayşen; m.fl. (2022b): «The genetic history of the Southern Arc: A bridge between West Asia and Europe», Science. 377 (6609): eabm4247. PMC 10064553. PMID 36007055. doi:10.1126/science.abm4247.
- Skourtanioti, Eirini; Ringbauer, Harald; Gnecchi Ruscone, Guido Alberto; Bianco, Raffaela Angelina; et al. (16. januar 2023). «Ancient DNA reveals admixture history and endogamy in the prehistoric Aegean». Nature Ecology and Evolution 7 (2): 290–303. ISSN 2397-334X. PMC 9911347. PMID 36646948. doi:10.1038/s41559-022-01952-3.
- Lewartowski, Kazimierz (2000). Late Helladic Simple Graves: A Study of Mycenaean Burial Customs (BAR International Series 878). Oxford: Archaeopress. ISBN 978-1-84-171079-2.
- Littauer, M.A.; Crouwel, J.H. (1996). «Robert Drews and the Role of Chariotry in Bronze Age Greece». Oxford Journal of Archaeology 15: 297–305. doi:10.1111/j.1468-0092.1996.tb00087.x.
- Moore, A.D.; Taylour, W.D.; French, Elizabeth Bayard (1999). Well Built Mycenae (Volume 10): The Temple Complex. Warminster, England: Aris & Phillips. ISBN 978-1-84-217000-7.
- Morris, Ian (1996). «Greece: Dark Age Greece». I Fagan, Brian M. The Oxford Companion to Archaeology. Oxford: Oxford University Press. s. 253–256. ISBN 9780195076189.
- Mylonas, George Emmanuel (1961). Eleusis and the Eleusinian Mysteries. Princeton, NJ: Princeton University Press.
- Mylonas, George Emmanuel (1966). Mycenae and the Mycenaean Age. Princeton, NJ: Princeton University Press. ISBN 9780691035239.
- Nikolaou, Kyriakos (1973). The First Myceneans in Cyprus. Nicosia: Department of Antiquities, Cyprus.
- Nilsson, Martin Persson (1940). Greek Popular Religion. New York: Columbia University Press.
- Nilsson, Martin Persson (1967). Geschichte der Griechischen Religion (3rd utg.). Munich: C.H. Beck Verlag.
- Olsen, Barbara A. (2015). «The Worlds of Penelope: Women in the Mycenaean and Homeric Economies». Arethusa 48: 107–138. doi:10.1353/are.2015.0007.
- Olsen, Barbara A. (2014). Women in Mycenaean Greece: The Linear B Tablets from Pylos and Knossos. Hoboken, NJ: Taylor and Francis. ISBN 978-1-31-774795-6.
- Palaima, Tom (1999). «Mycenaean Militarism from a Textual Perspective» (PDF). Polemos: Warfare in the Aegean Bronze Age (Aegaeum) 19: 367–378. Henta 14 October 2015.
- Papadimitriou, Nikolas (2001). Built Chamber Tombs of Middle and Late Bronze Age Date in Mainland Greece and the Islands (BAR International Series 925). Oxford: John and Erica Hedges Ltd. and Archaeopress. ISBN 978-1-84-171170-6.
- Pelon, Olivier (1976). Tholoi, Tumuli et Cercles Funéraires. Paris: Diffusion de Boccard. ISBN 9782869583702.
- Peruzzi, Emilio (1980). Mycenaeans in Early Latium. Rome: Edizioni dell'Ateneo & Bizzarri.
- Petrie, William Matthew Flinders (1894). Tell el-Amarna. London: Methuen & Co.
- Price, Simon; Thonemann, Peter (2011): The Birth of Classical Europe, Penguin History
- Renfrew, Colin; Mountjoy, Penelope A.; Macfarlane, Callum (1985). The Archaeology of Cult: The Sanctuary at Phylakopi. London: British School of Archaeology at Athens. ISBN 978-0-50-096021-9.
- Ridgway, David (1992). The First Western Greeks. Cambridge and New York: Cambridge University Press. ISBN 978-0-52-142164-5.
- Runnels, Curtis Neil; Murray, Priscilla (2001). Greece before History: An Archaeological Companion and Guide. Stanford, CA: Stanford University Press. ISBN 978-0-8047-4050-0.
- Rutter, Jeremy B. (1996): «Prehistoric Archaeology of the Aegean», Trustees of Dartmouth College and the Foundation of the Hellenic World. Arkivert fra originalen 1. januar 2009
- Sansone, David (2004). Ancient Greek Civilization. Malden (Massachusetts), Oxford (United Kingdom), Carlton (Victoria, Australia): Blackwell Publishing Ltd. ISBN 978-0-631-23236-0.
- Sergent, Bernard (1982): «Penser — et mal penser — les Indo-Européens1 (Note critique)», Annales. Histoire, Sciences Sociales. 37 (4): 669–681. doi:10.3406/ahess.1982.282879.
- Shear, Ione Mylonas (januar 2000): «Excavations on the Acropolis of Midea: Results of the Greek–Swedish Excavations under the Direction of Katie Demakopoulou and Paul Åström», American Journal of Archaeology 104 (1): 133–134. JSTOR 506802. doi:10.2307/506802.
- Schofield, Louise (2006). The Mycenaeans. Los Angeles, CA: J. Paul Getty Museum. ISBN 9780892368679.
- Stocker, Sharon R.; Davis, Jack L. (2017). «The Combat Agate from the Grave of the Griffin Warrior at Pylos». Hesperia: The Journal of the American School of Classical Studies at Athens 86 (4): 583–605. JSTOR 10.2972/hesperia.86.4.0583. doi:10.2972/hesperia.86.4.0583.
- Stubbings, Frank H. (1951). Mycenaean Pottery from the Levant. Cambridge: Cambridge University Press.
- Tandy, David W. (2001). Prehistory and History: Ethnicity, Class and Political Economy. Montréal, Québec, Canada: Black Rose Books Limited. ISBN 978-1-55164-188-1.
- Tartaron, Thomas F. (2013). Maritime Networks in the Mycenaean World. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 9781107067134.
- Taylour, Lord William; French, Elizabeth Bayard; Wardle, K.A. (2007). Well Built Mycenae (Volume 13): The Helleno-British Excavations within the Citadel at Mycenae 1959–1969. Warminster, England: Aris & Phillips. ISBN 978-1-84-217295-7.
- Taylour, Lord William (1969). «Mycenae, 1968». Antiquity 43 (170): 91–97. doi:10.1017/S0003598X00040187.
- Taylour, Lord William (1970). «New Light on Mycenaean Religion». Antiquity 44 (176): 270–280. doi:10.1017/S0003598X00041740.
- Taylour, Lord William (1958). Mycenaean Pottery in Italy and Adjacent Areas. Cambridge: Cambridge University Press.
- Thomas, Carol G. (1995). «The Components of Political Identity in Mycenaean Greece» (PDF). Aegaeum 12: 349–354. Arkivert frå originalen (PDF) 29 September 2013. Henta 26. mars 2024.
- van Wijngaarden, Geert Jan (2002). Use and Appreciation of Mycenaean Pottery in the Levant, Cyprus and Italy (1600–1200 BC). Amsterdam: Amsterdam University Press. ISBN 978-9-05-356482-0.
- Vianello, Andrea (2005). Late Bronze Age Mycenaean and Italic Products in the West Mediterranean: A Social and Economic Analysis. Oxford: Archaeopress. ISBN 978-1-84-171875-0.
- Wardle, K.A.; Wardle, Diana (1997). Cities of Legend: The Mycenaean World. London: Bristol Classical Press. ISBN 978-1-85-399355-8.
- Waterfield, Robin (2018): Creators, Conquerors, & Citizens, Oxford University Press
- Whittaker von Hofsten, Helène (2007). «Reflections on the Social Status of Mycenaean Women». I Lovén, Lena Larsson; Strömberg, Agneta. Public Roles and Personal Status Men and Women in Antiquity. Sävedalen: Paul Åströms Förlag. s. 3–18. ISBN 9789170812378.
- Wikander, Örjan (januar–mars 1990): «Archaic Roof Tiles the First Generations», Hesperia, 59 (1): 285–290. JSTOR 148143. doi:10.2307/148143.
- Wright, James Clinton (2008). «Early Mycenaean Greece». I Shelmerdine, Cynthia W. The Cambridge Companion to the Aegean Bronze Age. Cambridge: Cambridge University Press. s. 230–257. ISBN 9781139001892. doi:10.1017/CCOL9780521814447.011.
- Wood J.R., Hsu, Y.-T.; Bell, C. (2021) Sending Laurion Back to the Future: Bronze Age Silver and the Source of Confusion, Internet Archaeology 56. doi:10.11141/ia.56.9
- Acts of the International Archeaological Symposium: The Mycenaeans in the Eastern Mediterranean, Nicosia 27th March-2nd April, 1972. Ministry of Communications and Works, Department of Antiquities. 1973.