[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Louvre

Koordinatar: 48°51′38.135″N 2°20′15.432″E / 48.86059306°N 2.33762000°E / 48.86059306; 2.33762000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

48°51′38.135″N 2°20′15.432″E / 48.86059306°N 2.33762000°E / 48.86059306; 2.33762000

Louvre

StadSaint-Germain-l'Auxerrois
Skipa10. august 1793
Kart
Louvre
48°51′40″N 2°20′09″E / 48.861111111111°N 2.3358333333333°E / 48.861111111111; 2.3358333333333

Musée du Louvre eller Louvre i Paris er eit av dei største og mest vidgjetne musea i verda, med eit areal på til saman 210 000 m², og av dette er 60 600 m² utstillingsareal. Museet ligg i sentrum av byen, i 1er arrondissement, mellom høgre breidda av elva Seinen og den kjende gata rue de Rivoli. Museet var opphavleg eit kongeslott bygd på 1200-talet, som det i 1546 vart sett i gang større påbyggingar på, og arbeidet heldt fram til på 1800-talet. Delar av slottet vart teke i bruk som museum i 1793. Etter ei større restaurering på 1980-talet, vart i 1993 heile slottet opna for ålmenta som museum.

Louvre.

Museet syner fram både eldre fransk og annan europeisk målarkunst og skulpturar, til dømes eit av dei best kjende kunstverket i verda, Leonardo da Vinci sitt måleri Mona Lisa, muslimsk kunst, og framifrå samlingar av arkeologiske funn og andre oldsaker frå farne tiders fremste kulturområde. I tillegg til dei viktige samlingane av muslimsk kunst, europeisk skulptur og andre kunstgjenstandar, måleri og grafisk kunst, har såleis museet store og viktige samlingar av orientalske fornfunn, egyptiske fornfunn, greske, etruskiske og romerske fornfunn. Av til saman 445 000 einskildgjenstandar på museet er 35 000 å sjå i utstillingane.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Louvre