Mary Had a Little Lamb av Wings
Mary Had a Little Lamb Singel av Wings | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 12. mai 1972 | |
Innspelt | March 1972 | |
Sjanger | Barnemusikk | |
Lengd | 3:30 | |
Selskap | Apple | |
Tekstforfattar | Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney, Linda McCartney | |
Produsent | Paul McCartney, Linda McCartney | |
Wings-kronologi | ||
«Give Ireland Back to the Irish» (1972) |
Mary Had a Little Lamb | «Hi, Hi, Hi» (1972)
|
«Mary Had a Little Lamb» er Wings sin versjon av den tradisjonelle barnesongen.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Då songen kom ut meinte skribentar som Roy Carr og Tony Tyler i New Musical Express at songen vart spelt inn av McCartney som svar til at BBC bannlyste den førre singelen hans, den politiske «Give Ireland Back to the Irish»,[1] men McCartney har nekta for dette og sa det var eit oppriktig forsøk på å skrive ein song for barn.[2] Faktisk vart songen skriven før «Give Ireland Back to the Irish», sidan ein demo av songen kan høyrast under eit intervju spelt inn for radiostasjonen WRKO i desember 1971.[3]
Salslister og mottaking
[endre | endre wikiteksten]Songen vart slakta av kritikarane då han kom, men eit par meinte at det kunne vere ei ironisk innspeling.[4] Songen nådde niandeplassen i Storbritannia.[5] Mange radiostasjonar i USA valde i staden å spele B-sida, «Little Woman Love». Apple Records i USA endra til og med singelomslaget slik at namnet til begge sidene kom fram. Likevel nådde han berre 28. plassen i USA.[6]
Songen kom ut på singel 12. mai 1972 i Storbritannia,[7] utsett frå den planlagde datoen 5. mai.[8] Den amerikanske utgåva kom ut 29. mai.[8] Den 25. mai mima bandet til songen på BBC TV sitt Top of the Pops.[8] Over ei veke seinare, den 6. juni, mima bandet igjen til songen. Songen kom ut som bonusspor på den nymastra versjonen av Wild Life i 1993.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mary Had a Little Lamb (Wings song)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Carr, Roy; Tyler, Tony. The Beatles: An Illustrated Record (1975) p. 100
- ↑ Garbarini, Vic (1980). The McCartney Interview [interview LP], Columbia Records.
- ↑ Luca Perasi, Paul McCartney: Recording Sessions (1969-2013), L.I.L.Y. Publishing, 2013, ISBN 978-88-909122-1-4, p.79.
- ↑ Dempsey, J.M. «McCartney at 60: a body of work celebrating home and hearth», Popular Music & Society, February 2004.
- ↑ «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 18. mai 2018.
- ↑ «Paul McCartney Charts and Awards». allmusic. Henta 18. mai 2018.
- ↑ Castleman, Harry; Podrazik, Walter J. (1977). All Together Now – The First Complete Beatles Plateography 1961–1975 (Second utg.). New York: Ballantine Books. s. 113. ISBN 0-345-25680-8.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 Miles, Barry; Badman, Keith, red. (2001). The Beatles Diary After the Break-Up: 1970-2001 (reprint utg.). London: Music Sales Group. ISBN 9780711983076.