Give Ireland Back to the Irish
Give Ireland Back to the Irish Singel av Wings | ||
B-side |
«Give Ireland Back to the Irish (Version)» | |
---|---|---|
Utgjeve | 25. februar 1972 | |
Innspelt | 1. februar 1972 | |
Studio | Abbey Road Studios i London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:42 | |
Selskap | Apple | |
Tekstforfattar | Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney, Linda McCartney | |
Produsent | Paul McCartney, Linda McCartney | |
Wings-kronologi | ||
Give Ireland Back to the Irish | «Mary Had a Little Lamb» (1972)
|
«Give Ireland Back to the Irish» er ein song av Wings som kom ut som debutsingelen deira i februar 1972. Songen vart skriven av Paul McCartney og kona Linda som svar til Bloody Sunday den 30. januar det året, då britiske soldatar i Nord-Irland skaut og drap tretten irske republikanske demonstrantar. Wings spelte inn songen bere to dagar seinare i Abbey Road Studios i London. Det var den første songen til bandet med den irske gitaristen Henry McCullough.
«Give Ireland Back to the Irish» vart bannlyst av BBC og andre organisasjonar i Storbitannia og vart heller ikkje spelt på radio i USA. Singelen nådde 16. plassen på UK Singles Chart og 21. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100, men toppa den nasjonale singellista i Irland. McCartney, som ikkje hadde gjeve ut ein så politisk song før, vart fordømt i britiske media for å vere tilsynelatande pro-IRA i Nord-Irland.[1] Som med det første albumet til Wings, Wild Life, vart songen kritiserte av mange musikkritikarar.[2][3] Dei meinte tekstane til McCartney var for enkle og såg på singelen som eit forsøk på å få krediilitet for det nye bandet sitt med å støtte ei pågåande politisk sak.
Wings framførte «Give Ireland Back to the Irish» på turneen sin i England og Wales i februar 1972. Songen kom først ut på albumet i 1993, då han var bonusspor på CD-utgåva av Wild Life. Etter eit terroriståtak i London i 2001, gjekk McCartney med på å fjerne songen frå plateboksen Wingspan.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Paul McCartney – solovokal, bassgitar
- Linda McCartney – korvokal, RMI Electra Piano
- Denny Laine – korvokal, elektrisk gitar
- Henry McCullough – elektrisk gitar
- Denny Seiwell – trommer
- ikkje oppført – klapping[4]
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1972) | Plassering |
---|---|
Australske Go-Set National Top 40[5] | 18 |
Canadian RPM Top 100[6] | 46 |
Irish Singles Chart[7] | 1 |
Den japanske Oricon-lista | 31 |
Den spanske singellista | 1 |
UK Singles Chart[8] | 16 |
US Billboard Hot 100[9] | 21 |
US Cash Box Top 100[10] | 38 |
US Record World Singles Chart[10] | 36 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Give Ireland Back to the Irish» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Badman, Keith (2001). The Beatles Diary Volume 2: After the Break-Up 1970–2001. London: Omnibus Press. ISBN 978-0-7119-8307-6.
- Castleman, Harry; Podrazik, Walter J. (1976). All Together Now: The First Complete Beatles Plateography 1961–1975. New York, NY: Ballantine Books. ISBN 0-345-25680-8.
- Benitez, Vincent P. (2010). The Words and Music of Paul McCartney: The Solo Years. Santa Barbara, CA: Praeger. ISBN 978-0-313-34969-0.
- Clayson, Alan (2003). Paul McCartney. London: Sanctuary. ISBN 1-86074-482-6.
- Doggett, Peter (2011). You Never Give Me Your Money: The Beatles After the Breakup. New York, NY: It Books. ISBN 978-0-06-177418-8.
- Doyle, Tom (2013). Man on the Run: Paul McCartney in the 1970s. New York, NY: Ballantine Books. ISBN 978-0-8041-7914-0.
- Ingham, Chris (2003). The Rough Guide to the Beatles. London: Rough Guides. ISBN 978-1-84353-140-1.
- Madinger, Chip; Easter, Mark (2000). Eight Arms to Hold You: The Solo Beatles Compendium. Chesterfield, MO: 44.1 Productions. ISBN 0-615-11724-4.
- McGee, Garry (2003). Band on the Run: A History of Paul McCartney and Wings. Lanham, MD: Rowman & Littlefield. ISBN 978-0-87833-304-2.
- Perasi, Luca (2013). Paul McCartney: Recording Sessions (1969–2013). Milan, Italy: L.I.L.Y. Publishing. ISBN 978-88-909122-1-4.
- Rodriguez, Robert (2010). Fab Four FAQ 2.0: The Beatles' Solo Years, 1970–1980. Milwaukee, WI: Backbeat Books. ISBN 978-1-4165-9093-4.
- Schaffner, Nicholas (1978). The Beatles Forever. New York, NY: McGraw-Hill. ISBN 0-07-055087-5.
- Sounes, Howard (2010). Fab: An Intimate Life of Paul McCartney. London: HarperCollins. ISBN 978-0-00-723705-0.
- Spizer, Bruce (2005). The Beatles Solo on Apple Records. New Orleans, LA: 498 Productions. ISBN 0-9662649-5-9.
- Woffinden, Bob (1981). The Beatles Apart. London: Proteus. ISBN 0-906071-89-5.
- ↑ Sounes 2010, s. 294, 296.
- ↑ Ingham 2003, s. 127–28.
- ↑ McGee 2003, s. 26.
- ↑ Spizer 2005, s. 146.
- ↑ «Go-Set Australian Charts – 20. mai 1972». poparchives.com.au. Arkivert frå originalen 3. juni 2018. Henta 18. mai 2018.
- ↑ «RPM Top Singles - Volume 17, No. 10 (22. april 1972)». Library and Archives Canada. Henta 18. mai 2018.
- ↑ «Search the Charts» (enter «Give Ireland Back to the Irish» into the «Search by Song Title» box, then select «Search»). irishcharts.ie. Henta 18. mai 2018.
- ↑ «Give Ireland Back to the Irish (Search results)». Official Charts Company. Henta 18. mai 2018.
- ↑ «Paul McCartney: Awards« > »Billboard Singles». AllMusic. Arkivert frå originalen 9. juni 2012. Henta 18. mai 2018.
- ↑ 10,0 10,1 McGee 2003, s. 244.