Lailat al miraj
Lailat al miraj, 'natta for himmelferda', er ei muslimsk høgtid til minne om profeten Mohammed sine reiser frå Mekka til Jerusalem og deretter Himmeriket i løpet av ei natt. Dagen blir feira den 27. rajab i den muslimske kalenderen.
Hendinga er skildra i sura «Al-Isra» i Koranen, og blir fortald i moskear denne dagen. Reisa til profeten kan tolkast både som ei fysisk og ei andeleg oppleving. Han møtte erkeenglar, profetar og Gud sjølv, og blei gjeven påbodet om dei fem daglege bønetidene.
På lailat al miraj kan muslimar be ekstra bøner og mange stader pynta med elektriske og levande lys. Feiringa har ofte fokus på barn og unge.
Namn på ulike språk
[endre | endre wikiteksten]På arabisk heiter hendinga Lailätu 'l-Mi‘rāğ (ar. لیلة المعراج), på persisk, urdu og bengali Šab-e Mi'râj (pers. شب معراج) og på tyrkisk Miraç Kandili.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Isra and Mi'raj» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juli 2009.
- John L. Esposito, red. (2003), «Night Journey», Oxford Dictionary of Islam, Oxford University Press Inc.
- «Lailat al Miraj», Religion & Ethics, BBC, 3. april 2006