Kvarnerbukta
Utsjånad
Kvarnerbukta | |||
bukt | |||
Land | Kroatia | ||
---|---|---|---|
Del av | Upper Adriatic | ||
Kvarnerbukta 44°48′14″N 14°08′26″E / 44.803888888889°N 14.140555555556°E | |||
Wikimedia Commons: Bay of Kvarner |
Kvarnerbukta (kroatisk Kvarnerski zaljev, italiensk Golfo del Quarnero/Quarnaro/Carnaro) er ei bukt nord i Adriahavet mellom halvøya Istria og den nordlege kysten av Kroatia.
Dei største øyane i Kvarner er Cres, Krk, Pag, Rab og Lošinj. Største delen av Kvarnerbukta ligg mellom Cres og Krk. Eit mindre område ligg mellom Cres, Krk, Rab og Pag, og vert kalla Kvarnerić (Vetle Kvarner).
Bukta er kjend for å vere djup, og det gjer mellom anna at byen Rijeka som ligg lengst nord i bukta har ei hamn som kan ta imot sjølv dei største tankskipa.