[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Karl Johans gate

Koordinatar: 59°54′46.948″N 10°44′27.067″E / 59.91304111°N 10.74085194°E / 59.91304111; 10.74085194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′46.948″N 10°44′27.067″E / 59.91304111°N 10.74085194°E / 59.91304111; 10.74085194

Karl Johans gate

Kart
Karl Johans gate
59°54′47″N 10°44′27″E / 59.913055555556°N 10.740833333333°E / 59.913055555556; 10.740833333333

Karl Johans gate, ofte berre kalla Karl Johan, er hovudgata i Oslo. Ho strekkjer seg frå Oslo Sentralstasjon i søraust til Slottet i nordvest. Langsmed gata ligg kjende institusjonar som Stortinget, Nationaltheatret, Oslo domkyrkje og Universitetsbygningane.

Gata er kalla opp etter kong Karl III Johan av Noreg.

Langsmed Karl Johans gate ligg òg nokre kjende bygardar, so som DFDS-garden, Svaneapotekgarden, Horngarden, Tostrupgarden, Grand Hotell og Groschgarden. Andre kjende bygg er Basarane og Brannvakta.

Karl Johans gate og Studenterlunden, 1885, Harald Bertrand, Oslo Museum
«Carl Johans Gade med Slottet», på eit fotokrom frå rundt 1890-1900. Heilt til høgre Grand Hotel, i gata kan ein sjå hestetrikkar. Ovanfor Grand ligg Søstrene Larsens Privat-Hotel. Lenger opp kan ein sjå bygningane ved Universitetet og heilt øvst Slottet.

Gata er sett saman av to ulike gateløp med kvar si historie. Austre del frå Egertorget til Jernbanetorget låg innanfor Kristian IVs byanlegg, nær vollane som omgav byen. Den vart ikkje opparbeidd som en samanhengande gate før Domkyrkja vart reist og vollane fjerna på 1690-talet. Ymse strekningar av gata hadde eigne namn – Østre Gade, Kirkebakken og Kirkestredet, fram til dei vart slått saman og kalla Østre Gade omkring 1840.[1] Vestre del var ein del av den byutvidinga som ble planlagd i samband med bygginga av Slottet. Den blei stukke ut etter slottsarkitekt Linstows plan som ei paradegate mellom byen og det nye Slottet som var under bygging.[2] Gata ble opparbeidd i slutten av 1830-åra og fekk namnet Slotsvejen i 1840.

I 1852, etter kong Karl Johan var død, blei den nye Slotsvejen kalla opp etter han. På same tid stod òg dei nye universitetsbygningane ferdig og dette medverka til at gata fekk eit monumentalt preg.

På denne tida blei òg de fasjonable bygardane på nordsida av gata bygd, og gardeigarane her kjøpte opp den nordlege delen av Grünings løkke som hadde vore skilt frå resten av løkkeeigedomen etter at Stortingsgata blei opparbeidd i 1842. Gardeigarane langs Karl Johans gate ville ikkje ha naboar rett ved og ville ha ein park som næraste nabo. Slik blei òg Eidsvolls plass sikra som ein del av dette gateløpet.

Da Stortingsbygget var under oppføring, blei sambindinga mellom dei to gatene opparbeidd, og i 1860 vart dei slått saman under det felles namnet Karl Johans gate. At utgangspunktet er to heilt ulike gater, kan ein tydeleg sjå på det høgaste punktet, Egertorget. Der gjer gateløpet ein tydeleg knekk, og den breie paradegata i vest går over i den smale og ordinære gata med normalbredde som i dei andre gatene i Kvadraturen har.

Bygg i utval

[endre | endre wikiteksten]
DFDS-garden til venstre sett frå Jernbanetorget i 2009. Heilt til høgre tidlegare Hotell Viking og Trafikanten.
Foto: Metro Centric

Det Forenede Dampskibs-Selskabs hus, gjerne forkorta DFDS-garden, er ein forretningsgard som ligg på hjørnet Jernbanetorget og Karl Johans gate, med adresse Karl Johans gate 1. Bygninga blei reist for Det Forenede Dampskipsselskap i 1917-1919 og arkitekt var Magnus Poulsson. [3] Mottok Houens fonds diplom i 1925.[4] Garden er kommunalt verna.[5]

På den andre sida av gata, i nummer 2, ligg Hanneborggarden, ein forretningsgard frå 1898 teikna av Henrik Nissen. Tidlegare låg ein gard her kor Bennett Reisebureau hadde dei første lokala sine.[6]Garden er eit kommunalt verna kulturminne.[7]

Lenger opp, i krysset ved Dronningens gate ligg Arkaden i nummer 7 på hjørnet på den eine sida. Det er ein forretningsgard med passasje til Biskop Gunnerus gate. Huset brann i 1983 og dagens bygg blei reist etter brannen.[8]

Basarane ligg med boge mot Karl Johans gate og vart reist i 1840-1859. Opphavleg var det slakterbuer her. Arkitekt var Christian H. Grosch. Basarane har adresse Dronningens gate 27/Stortorget 1B. Anlegget er freda.[9]

I tilknyting til Basarane ligg Brannvakta i Karl Johans gate nummer 11, og teikna av Grosch og ført opp 1854–1856 på delar av området som tidlegare var gravlunden til Oslo domkyrkje. Bygningen er freda.[10]

Elsa Laulan gæjnoe

Dei fleste forretningsgardane på venstre side oppover frå Skippergata til Kongens gate mellom Prinsens gate og Karl Johans gate er frå etter 1858 og vart reist etter bybrannen 14. april same år kor 40 bygardar brann ned.[11]

I oktober 2023 sperra demonstrantar mot vindkraftutbygginga på Fosen i Trøndelag av gata med lavvoar, og gav gata det samiske namnet «Elsa Laulan geajnoe» etter den samiske aktivisten Elsa Laula Renberg.[12]

  1. Oslo byleksikon, side 293
  2. Hans Ditlev Franciscus Linstow frå Store Norske leksikon
  3. DFDS-gården, Karl Johans gate 1 Arc! ved Geir Tandberg Steigan
  4. Oslo byleksikon, side 294
  5. Bygårdsanlegg - Det forenede Dampskibsselskap - Karl Johans gate 1 i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no
  6. Karl Johans gate 2 Arkivert 2014-02-03 ved Wayback Machine. frå Arkitektur i Oslo
  7. Bygårdsanlegg - Hanneborggården - Karl Johans gate 2 i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no
  8. Oslo byleksikon, side 58
  9. Basarene Kirekristen i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no
  10. Brannvakten i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no
  11. Oslo byleksikon, side 96
  12. Ørnhaug, Elina Rydland; Mudenia, Håkon; Kurseth, Hedda (12. oktober 2023). «Fosen-aksjonistene skal demonstrere ved Statkraft: – Tjener seg søkkrike på dette». NRK (på norsk). Henta 12. oktober 2023. «De sperret av Karl Johans gate ved å sette opp flere lavvoer langs gaten, og «omdøpte» den til Elsa Laulan gæjnoe.» 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]