Oslo domkyrkje
- For andre kyrkjer med namnet Vår Frelsars kyrkje, sjå Vår Frelsars kyrkje.
Oslo domkyrkje | |||
domkyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Oslo | ||
Kommune | Oslo | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Oslo | ||
Prosti | Oslo Domprosti | ||
Sokn | Sentrum og St. Hanshaugen | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Periode | Barokk | ||
Arkitekt | Moglegvis ingeniøroffiser Anthony Coucheron eller Jørgen Wiggers | ||
Innvigd | 7. november 1697 | ||
• Vigd til | Vår frelsar | ||
• Byggjeår | 7. november 1697 | ||
• Endringar | Hovudreparasjon på midten av 1770-talet 1848–1850 ved Alexis de Chateauneuf 1948–1950 ved Arnstein Arneberg Omfattande restaurering 2006–2010 ved Marianne Gulliksen | ||
Tårn | Aksialt plassert tårn | ||
Klokker | Fem klokker | ||
Kyrkjegard | Nedlagd i 1808 | ||
Preikestol | Laga av ein nederlandsk meister på slutten av 1600-talet | ||
Døypefont | Laga av Torsten Ottersen Hoff eller Lars Sivertsen i 1721. Døypefat i sølv frå Hellig Trefoldigheds kyrkje | ||
Altartavle | Laga av den same som står bak preikestolen og Lars Sivertsen | ||
Orgel | Tre orgel av Ryde & Berg Orgelbyggeri. Hovudorglet har fasade av Lambert Daniel Kastens. Kororglet har fasade av Ulf Oldæus | ||
Sitjeplassar | Ca. 900 | ||
Diverse | Sakristi frå 1699 Takmåleri av Hugo Lous Mohr Glasmåleri av Emanuel Vigeland, Borgar Hauglid og frå St. Ouen-kyrkja i Rouen | ||
Oslo domkyrkje 59°54′44″N 10°44′49″E / 59.912319444444°N 10.746958333333°E | |||
Wikimedia Commons: Oslo Domkirke |
Oslo domkyrkje, tidlegare Vår Frelsars kyrkje er ei krosskyrkje ved Stortorget i Oslo sentrum. Ho stod ferdig i 1697, er hovudkyrkje for Oslo bispedøme og kyrkje for Oslo domkyrkjes kyrkjelyd. Kyrkja er òg rikskyrkje i Noreg kor kongehuset og staten bruker kyrkja ved offisielle hendingar, som vigslar og gravferder.
Kyrkja endra namn frå Vår Frelsars kyrkje til Oslo domkyrkje i høve 900-årsjubileet til Oslo by i 1950.[1][2]
Noverande Oslo domkyrkje er den tredje domkyrkja i Oslo. Bygget vart reist som erstatning for Hellig Trefoldigheds kyrkje, som i si tid hadde erstatta Hallvardskatedralen. Oslo domkyrkje er delvis bygd av materiale frå dei tidlegare kyrkjene.
Oslo domkyrkje har gjennomgått omfattande endringar opp gjennom åra. Dei viktigaste er ombygginga på 1850-talet, under leiing av arkitekt Alexis de Chateauneuf med Heinrich Ernst Schirmer som byggeleiar, og restaureringa til Arnstein Arneberg fram mot 900-års jubileet i 1950.
Forhistorie
[endre | endre wikiteksten]Dei tidlegare kyrkjene
[endre | endre wikiteksten]Den første domkyrkja i Oslo var Hallvardskatedralen ved Oslo torg i Gamlebyen. Ho vart bygd under kong Sigurd Jorsalfare i første halvdel av 1100-talet. Kyrkja vart bygd i romansk stil, og utvida fleire gonger i gotisk stil. I nesten 500 år var dette den viktigaste kyrkja i byen. Ruinar etter kyrkja finn ein i Ruinparken i Gamlebyen. Synste del av St. Halvardskatedralen ligg under betonglokk som vart laga då Bispegata, på 1960-talet, vart utvida mot aust. Ruinparken strekte seg opphavleg lengre sørover.
I 1624 brann Oslo, og kong Kristian IV gav ordre om at byen skulle flyttast til vestsida av Bjørvika, slik at han kunne kome under betre vern frå Akershus festning. Hallvardskyrkja var relativt uskadd og gjorde nytte som domkyrkje i det nye Christiania. Men kyrkjevegen var lang og vanskeleg. Så i 1632 tok ein til å bygge ny domkyrkje ved torget i den nye byen. Den nye domkyrkja, som fekk namnet Hellig Trefoldigheds kyrkje, vart noko skadd under bybrannen i 1686. Militære styresmakter kravde at kyrkja skulle rivast, fordi ho låg for nær Akershus festning. Då byvollane samstundes vart nedlagde, vart det vedteke å bygge ei ny domkyrkje utanfor bygrensa, den tredje i rekka.[3][4]
Noverande kyrkje
[endre | endre wikiteksten]Planlegginga av Vår Frelsars kyrkje kom i gang rundt 1690. Det var lite pengar til finansieringa og det vart sett i gang innsamling blant borgarane i byen og i alle kyrkjer i landet.[5][6] Det var ikkje nok, og borgarmeisteren reiste difor til København, der han var i fleire månadar for å overtale kong Kristian V til å gje eit tilskot til prosjektet, som lukkast til slutt.[6]
Etter at ein hadde fått tomt tilbaud visestatthaldar Just Høeg seg i 1693 å overta ansvaret og stå for byggearbeidet.[6] Han hadde berre 5 500 riksdalar til rådigheit og ein del materialar frå Hellig Trefoldigheds kyrkje. Til samanlikning kosta det 39 336 riksdalar å reise Hellig Trefoldigheds kyrkje i 1630-åra.[7]
Året etter sende Høeg teikningar av den nye kyrkja til kongen i København for godkjenning. Dei kom att med ei usignert avgjerd, som kanskje er skrive av den norske generalbyggmeisteren Lambert van Haven.[7][8] Teikningane er laga i Christiania, men det framgår ikkje kven som har stått for dei. Arno Berg nemner fleire molege kandidatar i boka Vår Frelsers kirke, mellom anna Jørgen Wiggers, Anthony Coucheron, overkonduktør Johan Stokhoff og generalkvartermeister Storm.[9] Ingeniøroffiser Anthony Coucheron arbeidde på denne tida med festningsverka på Akershus festning og kan ha vore den som stod bak. [10]
Bygningen
[endre | endre wikiteksten]Domkyrkja vart bygd på ein fjellknaus mellom dåverande Store og Lille Voldport, i austenden av det som seinare skulle bli Stortorget. Grunnsteinen vart lagd ned av Just Høeg i 1694.
Stein frå den rivne Hellig Trefoldigheds kyrkje og truleg Hallvardskatedralen, vart gjenbrukt, men kyrkja vart enklare bygd enn desse to.
Ytterveggane vart mura som kistemur med ei kjerne av grov stein og mørtel mellom regelbunde murverk i fasaden og interiøret. Det ytre murverket vart etter ordre frå myndigheitene i København mura av «Leydenske mopper» frå Nederland, som vart rekna for mest haldbart i høve til vêret. 142 000 «mopper» kom frå Leiden hausten 1694.[11] Teglsteinen kom til landet som ballast på dei norske trelastskutene som gjekk i fart mellom Christiania, som då var ein stor eksportby for trelast, og Nederland. Grunna tilstanden til leira og prosessen ho gjekk gjennom under brenninga fekk denne typen teglstein i hovudsak gule løpesider og raude koppsider (kortsider). Med datidas vanlege krossforband fekk murverket skiftevis raude og gule skiftegangar. Stripeeffekten er framleis tydeleg på det originale murverket, no umåla. Dette «stripete» utsjåandet vart sett høgt i samtida, for stripene blei framheva med raud og gul kalkmåling på nesten alle murhus - òg på murverk av einsfarga tegl.[12] Grunnmuren blei mala blå.[13]
Grunnplanen har latinsk krossform. Tårnet var lågare enn det er i dag, og vart avslutta med eit pyramideforma tak (sjå teikninga til Gerhard Schøning). Innvendig fekk kyrkja eit flattrykt tønnekvelv i grå-sort.
Kyrkja vart innvigd 7. november 1697 av biskop Hans Rosing, sjølv om ho ikkje framstod som ferdig.
Da kyrkja vart ferdig i 1720-åra, blei taket dekorert innvendig med skymåleri. Allereie i 1775 vart desse dekt med perlegrått.
Nordre sakristi
[endre | endre wikiteksten]I 1699 vart det nordre sakristiet bygd på etter initiativ av Christian Muus, stiftsprosten i Christiania.[14][15]Sakristiet vart nytta av administrasjonen til domkapitlet.
I det murte trappehuset er monogramma til Fredrik IV og statthaldar Ulrik Fredrik Gyldenløve murt inn saman med årstalet 1696, sjølv om tilbygget altså vart reist først tre år seinare.[14] Monogrammet til Fredrik IV saman med årstalet 1696 rimer heller ikkje, ettersom han først blei konge i 1699.
Innvendig har sakristiet framleis opphavlege takmåleri med skyformasjonar. Desse er frå rundt 1720 og er sannsynlegvis måla av Claus Scavenius. På skyformasjonane er det måla figurar som viser fire av kardinaldydane: «Justitia», «Prudentia», «Fides» og «Spes». På veggene hengjer ei stor samling bispeportrett.[16]
Inventar
[endre | endre wikiteksten]Alt i 1699, to år etter at kyrkja vart innvigd, fekk ho barokkinventaret me kjenner i dag; med altartavle og preikestol. Arbeidet med dei vart starta av ein nederlandsk kunstnar som fekk oppdraget og budde i Christiania den tida arbeidet sto på. Ein kjenner ikkje namnet hans i dag. Han reiste frå oppgåva innan det vart fullført og både altartavla og preikestolen vart difor ferdigstilt i akantusstil av norske treskjærarar under leiing av Lars Sivertsen.
Altartavla er av skore, måla og forgylt tre og måler 828 cm x 557 cm x 150 cm.[17] Ho er i to delar; nattverden som motiv nedst og Kristus på krossen med Maria og Johannes over. Heilt øvst på toppen står den sigrande Kristus.[17]
På sidene er det blømande akantusranker som fletter seg inn i kvarandre. Ved krossfestingscenen er utskjeringene utforma som vinranker med drueklaser og blader.
Preikestolen med tilhøyrande himling har rike barokke utskjæringar med englar og akantus. Den er laga i tre, måla og forgylla.[17] Over himlinga på preikestolen kan ein sjå monogrammet til kong Christian V.
Døypefonten var ei gåve frå rektor ved Oslo katedralskole, Jacob Rasch. Han er i akantusbarokk, av tre som er forgylla og måla. Fonten er frå 1721. Kjeldene kjem med ulike opplysningar om kva for kunstnar som har laga han, på heimesida til domkyrkja står det Torsten Ottersen Hoff.[18] I ein rapport frå Norsk institutt for kulturminneforskning utarbeidd i 2001/2002 etter restaurering av inventaret framgår det at han er tilskreve Lars Sivertsen.[17] Døypefatet kjem frå Hellig Trefoldigheds kyrkje, er i sølv og blei laga i 1656.[18] I 1772 vart det gjort om i såkalla Régence-stil.[19]
Altartavla, preikestolen og døypefonten vart restaurert i 1997.
Det første orgelet vart bygd i 1711 av svensken Carl Gustav Luckvitz. I 1729 var eit nytt orgel på plass, bygd av Lambert Daniel Kastens i København med ornamentikk av Torsten Ottersen Hoff. Dette vart utskift i 1880.
Det noverande orgelet er bygd av Ryde & Berg i 1997 til 300 års jubileet. To mindre orgel i domkyrkja er òg bygt av Ryde & Berg.
Den første kongestolen i domkyrkja vart bygd 1700 da Fredrik IV vitja Noreg. Stolen hadde namnesifferet til kongen og to løver. Kongestolen er seinare endra fleire gonger sjølv om han har hatt same plasseringa som no. Kongestolen i dag syner initialane H7 for kong Haakon VII. [20]
-
PreikestolenFoto: A-S. Ofrim
-
Døypefonten frå 1721. I golvet slangen som vart tråkka på under dåpen.Foto: Hans A. Rosbach
-
KongestolenFoto: Hans A. Rosbach
«L'ultima Cena» – Nattverden – er ein sølvskulptur av den italienske bilethoggaren Arrigo Minerbi. Den er frå 1930 og var ei gåve til Nasjonalgalleriet.[21] Skulpturen kom til domkyrkja i 1950. Han er i 2/3-s størrelse, 2,8 meter lang og 0,8 meter brei. Han er støypt i sølv og veg ca. 300 kilo.
Av anna inventar finn ein Maria-skulpturen i tre som er av Turid Angell Eng og var ei gåve til kyrkja i samband med 300-årsjubileet i 1997.
I tillegg til døypefatet frå Hellig Trefoldigheds kyrkje, har domkyrkja teke vare på dei tre ljosekronene som heng i midtgangen, ein stor altarkalk og disk og fire eller fem bispeportrettar frå denne kyrkja.
Også dei to store tinnlysestakane som står på altaret kjem derifrå.[4] Frå Hallvardskatedralen finst altarkalk og disk og brødeske. I tillegg fire eller fem av portretta som heng i sakristiet.[4]
Endringar
[endre | endre wikiteksten]Domkyrkja vart ombygt innvendig i åra 1848-50, etter ein plan av arkitekt Alexis de Chateauneuf frå Hamburg. Interiøret vart omskapt i nygotikk og det gamle inventaret vart fjerna. Tårnet vart høgd og utstyrt med ein rikare dekorert tårnhjelm, og spir. Til tårnmuringa vart det då brukt raud teglstein av større format enn den teglsteinen ein hadde nytta då kyrkja vart bygd, og i fasaden ser ein tydeleg skiljet mellom den opphavlege muren og det som er bygd til seinare. Samstundes vart det laga ei ny kongeinngang på sørsida.
Hundre år seinare vart kyrkja restaurert. Restaureringa vart leia av arkitekt Arnstein Arneberg. Den nygotiske innreiinga vart fjerna, og inventaret vart ført tilbake til det opphavlege. Under restaureringa laga Hugo Lous Mohr eit stort takmåleri. Arneberg teikna òg kapellet på sørsida av kyrkja. Restaureringa var ferdig til Oslo sitt 900-årsjubileum i 1950.
Inngangsdøra er dekorert med bronserelieff av Dagfin Werenskiold. Motiva er henta frå Bergpreika.
Kyrkja vart restaurert på nytt i 2006–10, etter det vart avdekt omfattande fuktskadar, særleg i taket.
Kyrkjegarden
[endre | endre wikiteksten]Oslo sin kyrkjegard vart lagd kring kyrkja. Fram til 1805 hadde dei rikaste familiane eigne graver i krypta i kyrkja; dessutan hadde familiane Collett, Leuch og Elieson eigne gravkapell på kyrkjegarden.
Kyrkjegarden vart nedlagt i 1808, men den høge kyrkjegardsmuren vart ståande til 1819. Då vart området nord og vest for kyrkja lagt til torget. I 1823 vart resten av kyrkjegarden omgjort til park.
Uttrykket Kirkeristen om dei basarbygningane som er bygd som ein halvsirkel kring plassen på sidene av domkyrkja har sin bakgrunn i to ferister som frå tidleg på 1700-talet låg i opningane i muren inn til kyrkjegarden for å hindre at dyr, særleg husdyr, kom seg inn på kyrkjegarden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Knut Are Tvedt side 422
- ↑ Knut Are Tvedt side 423
- ↑ Ranveig Gausdal: «Kirkene på Kristiania torv». Tobias 7, nr. 4 (1998): side 8–11. ISSN 0804-2454
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Oslo Domkirke: Tre kirker, en historie
- ↑ Berg og Hagtvedt side 28
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Berg og Hagtvedt side 29
- ↑ 7,0 7,1 Berg og Hagtvedt side 30
- ↑ Berg og Hagtvedt side 31
- ↑ Berg og Hagtvedt side 32–33
- ↑ M.C. Kirkebøe: Oslos kirker i gammel og ny tid, ny utgåve ved Knut Are Tvedt og Øyvind Reisegg, Kunnskapsforlaget, 2007, side 23, ISBN 82-573-1946-5
- ↑ Berg og Hagtvedt side 34–37
- ↑ Lars Roede: Byen bytter byggeskikk. Christiania 1624–1814. Oslo, AHO 2001, side 208 og 244
- ↑ Hilde Brunsvik side 26
- ↑ 14,0 14,1 Berg og Hagtvedt side 39–40
- ↑ «Christian Muus». Dansk biografisk leksikon. Henta 4. november 2014.
- ↑ Oslo Domkirke: Sakristiet
- ↑ 17,0 17,1 17,2 17,3 Mille Stein. ««..med Guld, Sølf oc Farvue..» Den barokke altertavlen i Oslo domkirkesom kulturhistorisk kilde» (PDF). Norsk institutt for kulturminneforskning.
- ↑ 18,0 18,1 Oslo Domkirke: Barokkinteriøret
- ↑ Hilde Brunsvik side 44
- ↑ Hilde Brunsvik side 76
- ↑ Hilde Brunsvik side 75
- Denne artikkelen bygger på «Oslo Domkirke» frå Wikipedia på bokmål, den 7. august 2011, revisjon
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Arno Berg og Bernhard Hagtvedt: Vår Frelsers kirke, forlaget Land og kirke, Oslo 1950, digital utgåve
- Hilde Brunsvik: En guide til Oslo domkirke, 2003, ISBN 82-99-46321-1
- Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget, 2010, ISBN 978-82-573-1760-7
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Oslo domkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Offisiell nettstad
- Oslo domkirke 300 år temahefte Arkivert 2007-01-06 ved Wayback Machine.