Jungel
Utsjånad
Ein jungel er ein tett skog i eit varmt klima, slik som tropisk regnskog. Namnet stammar frå hindi jaṅgal og sanskrit jangala, 'tørt område'.[1]
Ordet «jungel» vert nytta i mange språk på det indiske subkontinentet om tropisk regnskog eller sumpland. Ikkje alle skogar som blir kalla junglar er regnskogar; mange vil nytta ordet jungel om skogane i det nordlege Thailand eller det sørlege Guangdong i Kina, som i vitskapleg forstand er monsunskogar.
Jungel vert òg nytta i omgrep som «jungellov» og «jungeltelegraf», og i overført tyding som «ein jungel av lover og reglar».[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hoad, T. F. (2003). Hoad, T. F., red. «jungle» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-283098-2.
- ↑ «jungel%» i Nynorskordboka.
- Denne artikkelen bygger på «Jungel» frå Wikipedia på bokmål, den 14. januar 2013.