Hyperbolsk geometri
Utsjånad
Hyperbolsk geometri er ikkje-euklidsk geometri basert på at det gjennom kvart punkt utanfor ei rett linje kan trekkast uendeleg mange parallellar med linja. Det vil sei at parallellpostulatet til Euklid er erstatta. Dette postulatet seier at det for ei linje R og eit punkt P som ikkje ligg på R, berre finst nøyaktig ei linje gjennom P som ikkje nokon gong skjer R. Ho er altså parallell til R. I hyperbolsk geometri er det minst to linjer gjennom P som ikkje skjer R, slik at parallellpostulatet ikkje gjeld lenger.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hyperbolic geometry» frå Wikipedia på engelsk, den 21. november 2011.