[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

George Soros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Soros

Fødenamn György Schwartz
Nasjonalitet Amerikansk[1]
Statsborgarskap USA, Ungarn
Fødd 12. august 1930 (94 år)
Budapest i Ungarn
Yrke forretningsmagnat, investor, velgjerar, filosof, skribent, samfunnsøkonom, investor, bankier, børshandlar, gründer
Kjend for Valutaspekulasjonar
Språk esperanto, engelsk, ungarsk
Formue 8 300 000 000±1 000 000 000 US-dollar
Politisk parti Det demokratiske partiet i USA
Medlem av Ukrainas nasjonale vitenskapsakademi, American Academy of Arts and Sciences
Religion ateisme
Far Tivadar Soros
Mor Elizabeth Soros
Ektefelle Tamiko Bolton
Nettstad https://www.georgesoros.com
George Soros på Commons

George Soros, opphavleg namn György Schwartz (fødd 12. august 1930 i Budapest) er ein amerikansk finansmann og filantrop. Han stifta Quantum-fonda saman med Jim Rogers i 1969. Han vaks opp i Ungarn, og overlevde krigen trass sitt jødiske opphav. Soros utvandra til London i 1953, og vidare til New York i 1956.

Soros vart kjend innafor finansverda då han medan valutauroa stod på i 1992 tente ein milliard amerikanske dollar på å ta posisjonar der han tente pengar dersom pundet vart svekka.[2]

Seinare vart han kjend for si rolle i roserevolusjonen i Georgia. Han gav store summar til demokratane sine kandidatar før presidentvalet i USA i 2004 for å hindre at George W. Bush vart vald inn att. Soros driv stiftinga Soros Foundation, som mellom anna finansierer Open Society Institute. Soros starta sitt filantropiske arbeid i Aust-Europa midt på 1980-talet, for å støtte sivilsamfunnet mot det kommunistiske regimet. Soros har skrive fleire bøker, mellom anna Alchemy of Finance og The New Paradigm for Financial Markets. Begge bøkene drøftar vitskapsfilosofi. Soros hevdar at dei naturvitskaplege metodane som matematikk og statistikk kjem til kort i samfunnsfaga, som vert prega av at observatørane og er aktørar. Evna til å observere klårt blir dermed dårlegare. Denne tendensen er særleg sterk innan finansverda, der prisane på finansaktivum vert påverka av korleis dei vert oppfatta av marknadsaktørane. Samstundes vert oppfatninga påverka av prisane. Denne mekanismen kallar Soros refleksivitet.

Formuen hans vart i 2008 av Forbes rekna til å vere på meir enn 45 milliardar kroner.[3]

Soros har stødd opp om antikorrupsjonsarbeid og har vore talsmann for å opne grenser for flyktningar, mellom anna i fødelandet Ungarn. I 2017-2018 dreiv Viktor Orban, Ungarn sin statsminister, ein omfattande kampanje mot Soros. Kampanjen brukte mellom anna ei rekke plakatar med slagord mot Soros[4][5] og vert skildra som antisemittisk.[6][7][8][9] Ifølge New York Times skal bilda av Soros brukt i kampanjen ha vorte manipulert slik at nasen verka lengre enn reelt.[10] Soros betalte for den unge, liberale Orban si utdanning ved Oxford i 1989[11][12] og støtta Orban si regjering økonomisk for å rydde opp i ureining i landet.[13]

  1. «Forbes 400 Richest Americans: George Soros». Forbes. mars 2012. Henta 6 oktober 2011. 
  2. Ferguson, Niall; Schlefer, Jonathan (9. september 2009). «Who Broke the Bank of England?». Harvard Business School BGIE Unit Case No. 709-026. SSRN 1485674. 
  3. Aftenposten. fakta. 8. september 2008. George Soros. Side 12.
  4. McAuley, James (9. april 2018). «Viktor Orban, after soaring to reelection win in Hungary, to target George Soros and NGOs». Washington Post (på engelsk). ISSN 0190-8286. Henta 12. mai 2018. 
  5. «Once-fringe Soros conspiracy theory takes center stage in Hungarian election». Washington Post (på engelsk). ISSN 0190-8286. 
  6. Colborne, Michael (9. april 2018). «Orban Blamed All of Hungary's Problems on a Jew – and Won, Big Time». Haaretz (på engelsk). Henta 12. mai 2018. 
  7. «Anti-Semitism in Europe is back, and some blame recent refugees for fuelling it | CBC News». CBC (på engelsk). Henta 12. mai 2018. 
  8. «Anti-Semitism in Europe is back, and some blame recent refugees for fuelling it | CBC News». CBC (på engelsk). Henta 12. mai 2018. 
  9. Szego, Julie (14. april 2018). «Anti-Semitism rears its ugly head once more». The Sydney Morning Herald (på engelsk). Henta 12. mai 2018. 
  10. «Opinion | How Democracy Became the Enemy». The New York Times (på engelsk). 6. april 2018. ISSN 0362-4331. Henta 12. mai 2018. 
  11. «Soros's Foundation May Exit Hungary as Orban Purges Civil Groups». Bloomberg.com (på engelsk). 19. april 2018. Henta 12. mai 2018. 
  12. Speck, Ulrich (18. april 2018). «Orbans Provokationen | NZZ». Neue Zürcher Zeitung (på tysk). ISSN 0376-6829. Henta 12. mai 2018. 
  13. Walker, Shaun (22. juni 2017). «'A useful punching bag': why Hungary's Viktor Orbán has turned on George Soros». The Guardian (på engelsk). Henta 12. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]