Future Games
Future Games Studioalbum av Fleetwood Mac | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3. september 1971 | |
Innspelt | Juni-august 1971 i Advision Studios i London i England | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 42:22 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | Fleetwood Mac | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
---|---|---|
Kiln House (1970) |
Future Games | Bare Trees (1972)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | (B)[2] |
Future Games er det femte studioalbumet til det britiske rockebandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1971. Det var det første albumet deira med den amerikanske gitaristen Bob Welch og det første med Christine McVie som fulltidsmedlem. Utan 1950-talsmusikken til gitaristen Jeremy Spencer, som no hadde slutta i bandet, gjekk bandet eit ytterlegare steg bort frå blues og nærare den melodiske popstilen dei til slutt skulle bryte gjennom i Amerika med fire år seinare. Etter bandet bandet hadde spelt inn albumet og gjeve det frå seg, kom plateselskapet attende og sa at dei ikkje ville gje ut albumet med berre sju songar, og kravde at dei spelte inn ein åttande. «What a Shame» vart då spelt inn i all hast som ein jam.[treng kjelde]
I 2001 gav Sincer Records ut albumet på ny på CD.
Ein kraftig redigert versjon av «Sands of Time» vart ein mislukka singel i USA og somme andre land. Albumet vart likevel spelt ein del på FM-radio.[treng kjelde] Tittelsporet «Future Games» vart seinare spelt inn på ny av Bob Welch i 1979 for soloalbumet hans The Other One.
Det finst ein tidleg versjon av «Morning Rain» med tittelen «Start Again» for ei BBC-innspeling den 5. januar 1971.[3]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Woman of 1000 Years» | Danny Kirwan | 5:28 |
2. | «Morning Rain» | Christine McVie | 5:38 |
3. | «What a Shame» | Bob Welch, Kirwan, C. McVie, John McVie, Mick Fleetwood | 2:20 |
4. | «Future Games» | Welch | 8:18 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Sands of Time» | Kirwan | 7:23 |
2. | «Sometimes» | Kirwan | 5:26 |
3. | «Lay It All Down» | Welch | 4:30 |
4. | «Show Me a Smile» | C. McVie | 3:21 |
På somme versjonar av plata er opplistinga av lengda på songane særs unøyaktig. Til dømes har enkelte versjonar oppført at «Woman of a 1000 Years» er 8:20 lang, medan han i røynda er 5:28.[4]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Danny Kirwan – gitar, vokal
- Bob Welch – gitar, vokal
- Christine McVie – klaverinstrument, vokal
- John McVie – bassgitar
- Mick Fleetwood – trommer, perkusjon
Andre medverkande
- John Perfect – saksofon
Produksjon
- Produsent: Fleetwood Mac
- Lydteknikar: Martin Rushent
- Studio: Advision
- Plateomslag: John Pasche
- Fotografi på omslaget Sally Jesse
- Gruppefoto av Edmund Shea
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste | Plassering |
---|---|
US Billboard 200[5] | 91 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Future Games» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ Robert Christgau review
- ↑ Live at the BBC 5-1-71 (CD running order). Fleetwood Mac. Reprise. 1971.
- ↑ Future Games (CD booklet notes). Fleetwood Mac. Reprise. 1971.
- ↑ «Allmusic: Future Games : Charts & Awards: Billboard Album». allmusic.com. Henta 1 May 2014.