Extended Play av Fleetwood Mac
Utsjånad
Extended Play EP av Fleetwood Mac | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. april 2013 | |
Innspelt | 2012-2013 | |
Sjanger | Rock, poprock | |
Lengd | 17:08 | |
Selskap | LMJS produksjons | |
Produsent | Mitchell Froom og Lindsey Buckingham | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
---|---|---|
Say You Will (2003) |
Extended Play |
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Extended Play er ein EP av det britisk-amerikanske bandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 2013. EPen vart tilgjengeleg for digital nedlasting av bandet sjølv, utan eit plateselskap, og var den første nye musikken frå bandet på ti år, sidan Say You Will i 2003.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Sjølv om albumet berre kom digitalt og utan marknadsføring, nådde Extended Play 48. plassen på Billboard 200 og selde 8 602 eksemplar den første veka. Den neste veka fall EPen ut av lista. «Sad Angel» vart sleppt som singel frå EPen og nådde 125. plassen på UK Top 200. «Without You» var ein «tapt» demo som vart skriven i Buckingham Nicks-tida, som Nicks sjølv hadde funne på YouTube.
«Without You» og «Sad Angel» vart begge spelte på turneen deira i 2013.[2]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Sad Angel» | Lindsey Buckingham | 4:03 |
2. | «Without You» | Buckingham, Stevie Nicks | 4:39 |
3. | «It Takes Time» | Buckingham | 4:09 |
4. | «Miss Fantasy» | Buckingham | 4:17 |
Total lengd: | 17:08 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Extended Play (Fleetwood Mac EP)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. Extended Play av Fleetwood Mac på Allmusic
- ↑ Greene, Andy (13. august 2015). «Lindsey Buckingham talks Fleetwood Mac tour, New EP». Henta 11 June 2013.