Fiskeslaget asp
Asp | |
Asp | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Orden: | Karpefisk Cypriniformes |
Familie: | Karpefamilien Cyprinidae |
Slekt: | Leuciscus |
Art: | Asp A. aspius |
Vitskapleg namn | |
Aspius aspius |
Asp (Aspius aspius på latin) er ein ferskvassfisk i karpefamilien. I motsetning til andre karpefiskar et aspen andre fiskar. Han er rekna som ein god matfisk. I Noreg finn ein fisken berre i delar av Glomma.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Asp kan bli opptil 9 kg, i Noreg opptil 6 kg. Fisken lever normalt enkeltvis, eller i små grupper men stimer under leiketida om våren.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Ein finn særleg asp i Søraust-Europa. På verdsbasis har ein ikkje nok data til å klassifisera artsstatusen.
I nasjonal raudliste 2006 vart asp oppført som sårbar etter kriteriet om utbreiing på få stader. Etter dette har ein endre kriteria på IUCN si raudliste slik at kriteriet berre kan nyttast dersom ein òg har identifisert ein eller fleire truslar mot områda det er snakk om. I Noreg reproduserer truleg asp berre i Øyeren, men det kan ikkje peikast på nokon alvorlege og umiddelbare trusselfaktorar. Arten oppfyller derfor ikkje lenger kriteria for raudlisting, og blir følgjeleg ikkje inkludert i nasjonal raudliste.[1]
Bilde
[endre | endre wikiteksten]-
Liten fiska asp.
-
Stor fiska asp.
-
Asperogn.
-
Eexhibition Subaqueous Vltava, Prague
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«asp – benfiskart» i Store norske leksikon, snl.no.
- Fotnotar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]