Exile on Main St.
Exile on Main St. Studioalbum av The Rolling Stones | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. mai 1972 | |
Innspelt | oktober 1970, juni 1971 til mars 1972 | |
Studio | Olympic Studios i London; Nellcôte i Frankrike; Sunset Sound Recorders i Los Angeles | |
Sjanger | ||
Lengd | 67:07 | |
Selskap | Rolling Stones | |
Produsent | Jimmy Miller | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
---|---|---|
Sticky Fingers (1971) |
Exile on Main St. | Goats Head Soup (1973) |
Singlar frå Exile on Main St. | ||
|
Exile on Main St. er eit album av det engelske rockebandet The Rolling Stones. Det vart gjeve ut som eit dobbeltalbum og er musikalsk ei blanding av rock & roll, blues, country og soul. Exile fekk i starten nokså lunken mottaking, men vert i dag rekna som eit av dei beste albuma til bandet og eit av dei største meisterverka i rockehistoria.[12] I 2003 vart albumet rangert på 7. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.[13] Dette var den høgaste plasseringa til Stones på lista.
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Exile on Main St. er eit album av innspelingar gjort over ein periode på fire år frå 1968 til 1972. Om dei tidlegaste songane har Jagger sagt at etter dei kom ut av kontrakten dei hadde med Allen Klein, ønskte dei ikkje å gje han rettane til desse songane, slik dei var nøydde til å gjere med songane «Brown Sugar» og «Wild Horses» frå Sticky Fingers. Dei fleste songane var innspelte mellom 1969 og 1971 i Olympic Studios og landstaden til Richards i Stargroves i England under innspelinga til Sticky Fingers.[14]
Våren 1971 forlet the Stones heimlandet England for å unngå dei høge skattane. The Stones måtte forlate landet innan 5. april for at dei britiske styresmaktene ikkje skulle ta midlane deira. Etter lange vurderingar valde dei å slå seg ned i Villefranche-sur-Mer, nær Nice, i Frankrike, der gitarist Keith Richards hadde leigd Nellcôte. Dette var i følgje Richards Gestapohovudkvarteret under den andre verdskrigen med hakekross på golvventilane. Det var her Stones gjekk i gang med innspelinga av det neste albumet sitt.
Nellcôte
[endre | endre wikiteksten]Innspelinga starta for fullt i midten av juni. Bassist Bill Wyman har fortalt at bandet arbeidde kvar kveld frå klokka åtte til klokka tre om natta resten av månaden. Han var frustrert fordi ikkje alle møtte opp kvar kveld, og at medan dei på dei to førre albuma hadde arbeidd godt og lytta til produsent Jimmy Miller, så var tilhøva annleis ved Nellcôte. På denne tida hadde Richards starta eit heroinmisbruk. Tusenvis av dollar med heroin passerte gjennom huset kvar veke med mange besøkande, som William S. Burroughs, Terry Southern, Gram Parsons og Marshall Chess (som styrte det nye selskapet til Stone).[15] Mange har trudd at Parsons deltok på albumet, men han vart beden om å forlate Nellcôte tidleg i juli 1971, både på grunn av dårlege oppførselen sin og Richards sitt forsøk på å reinske huset for dopmisbrukarar etter press frå fransk politi.
Richards sitt narkotikamisbruk starta å påverke spelinga hans, og dette førte ofte til at bandet spelte inn songane utan at alle var til stades samstundes. Til dømes vart songen «Happy» spelt inn ein gong Richards kom tidleg til ei innspeling. Richards sa i 1982: «Der var Bobbey Keys og Jimmy Miller. Vi hadde ikkje noko å gjere på og eg tok gitaren og spelte dette riffet. Så vi spelte det inn og det hamna på albumet. Vi spelte inn originalsporet med ein barytonsaksofonist, ein gitar og Jimmy Miller på trommer. Resten er bygt opp over dette sporet.»
Bandet som hovudsakleg spelte i Nellcôte var Richards, Bobby Keys, Mick Taylor, Charlie Watts, Miller (på trommer medan Charlie Watts var borte på «Happy» og «Shine a Light»),[14] og Jagger når han var tilgjengeleg. Wyman likte ikkje stemninga i villaen til Richards og let vere å delta på fleire innspelingsdagar. Wyamn er berre med på åtte songar på albumet, medan Taylor, Richards og Bill Plummer speler på resten. Wyman skreiv i biografien Stone Alone at det var ein tydeleg motsetnad mellom bandmedlemmene som nytta mykje dop (Richards, Miller, Keys, Taylor, lydteknikar Andy Johns) og dei som var meir tilbakehalden (Wyman, Watts og Jagger).[15]
Los Angeles
[endre | endre wikiteksten]Fleire grunnspor vart spelt inn i Nellcôte og så teken til Sunset Sound Recorders i Los Angeles der det vart lagt på fleire spor (alt piano, all vokal, samt noko gitar og bass). Desse innspelingane varte frå desember 1971 til mai 1972. Nokre spor (som «Torn and Frayed» og «Loving Cup») vart spelt inn heilt frå starten av i Los Angeles.[14] Sjølv om Jagger (som nyleg hadde gifta seg med Bianca Jagger) ofte ikkje var til stades i Nellcôte,[15] tok han med ein gong føringa i Los Angeles, og fekk inn Billy Preston og Dr. John og fleire av dei best korsongarane i byen for legge på fleire lydspor.[14]
Den langvarige innspelinga og det aukande avstanden mellom Jagger og Richards kom delvis av dei forskjellige måtane dei levde på.[15] Under innspelinga gifta Jagger seg og fekk eit barn, Jade, i oktober 1971. Richards hadde slått seg ned med Anita Pallenberg, men begge var avhengige av heroin,[15] noko Richards skulle vere resten av tiåret. Albumet vert likevel ofte skildra som noko av det beste Richards har gjort. Jagger uttrykte at han var lei av rock and roll i fleire intervju på denne tida.[15] Med Richards bunden til heroinmisbruket, tok Jagger over føringa utover 70-åra. Bandet eksperimenterte i aukande grad med forskjellige musikksjangrar, og flytta seg bort frå den roots-baserte stilen på Exile On Main St.[15]
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Albumet kom i mai 1972, like etter singelen «Tumbling Dice». Albumet vart raskt ein stort hit og gjekk rett til topps på salslistene verda over. Bandet la òg ut på turne, den første i USA på tre år. «Happy», sungen av Richards, vart ein hit i USA seinare på sommaren.
Kritikarane omtalte Exile on Main St. som ujamt då det kom ut, men albumet har sidan fått stadig betre rykte.[16]
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]I 1998 stemte lesarane av musikkmagasinet Q Exile on Main St. fram som det 42. beste albumet gjennom tidene,[17] medan det same magasinet i 2000 plasserte det på 3. plass på lista deira over dei 100 beste britiske albuma nokon gong.[18] I 1987 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone albumet på tredjeplass på lista deira over dei 100 største albuma i perioden 1967-1987.[19] I 2003 rangerte Pitchfork Media abumet på 11. plass på ei liste over dei 100 beste albuma frå 1970-åra.[20] I 2001 hamna albumet på 22. plass på fjernsynskanalen VH1 si liste over dei beste albuma i verda.[21] Albumet vart rangert på 19. plass i oktober 2006 av Guitar World på lista deira over dei 100 største gitaralbuma gjennom tidene.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Rocks Off» | 4:32 |
2. | «Rip This Joint» | 2:23 |
3. | «Shake Your Hips» (Slim Harpo) | 2:59 |
4. | «Casino Boogie» | 3:33 |
5. | «Tumbling Dice» | 3:45 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Sweet Virginia» | 4:25 |
7. | «Torn and Frayed» | 4:17 |
8. | «Sweet Black Angel» | 2:54 |
9. | «Loving Cup» | 4:23 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
10. | «Happy» | 3:04 |
11. | «Turd on the Run» | 2:37 |
12. | «Ventilator Blues» (Jagger, Richards, Mick Taylor) | 3:24 |
13. | «I Just Want to See His Face» | 2:52 |
14. | «Let It Loose» | 5:17 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
15. | «All Down the Line» | 3:49 |
16. | «Stop Breaking Down» (Robert Johnson) | 4:34 |
17. | «Shine a Light» | 4:14 |
18. | «Soul Survivor» | 3:49 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]The Rolling Stones
- Mick Jagger – solovokal (alle utanom 10), korvokal (1, 2, 5-7, 9-11, 14, 15, 18), munnspel (3, 6, 8, 11, 16), elektrisk gitar (5, 16), tamburin (1), perkusjon (4)
- Keith Richards – elektrisk gitar (1-5, 7, 9-12, 14, 15, 18), korvokal (1, 2, 4-11, 14, 15, 18), akustisk gitar (6-9, 12), bassgitar (4, 10, 18), elektrisk piano (13), solovokal (10)
- Bill Wyman – bassgitar (1, 3, 6, 8, 9, 12, 14-17)
- Charlie Watts – trommer (1-7, 9, 11-16, 18), perkusjon (8)
- Mick Taylor – elektrisk gitar (1, 3, 4, 12, 15-18), akustisk gitar (6, 8), bassgitar (5, 7), korvokal (6)
Andre medverkande
- Nicky Hopkins – piano (1, 2, 5, 7, 9, 11, 12, 14, 15, 18), elektrisk piano (4, 10, 13)
- Bobby Keys – tenorsaksofon (1-6, 9, 10, 12, 14, 15), maracas (10, 11)
- Jim Price – trompet (1, 2, 5, 9, 10, 12, 14, 15), orgel (7)
- Ian Stewart – piano (3, 6, 16)
- Jimmy Miller – perkusjon (8, 9, 13, 15), trommer (5, 10, 17)
- Bill Plummer – kontrabass (2, 11, 13, 15)
- Billy Preston – piano (17), orgel (17)
- Al Perkins – pedalsteelgitar (7)
- Richard Washington – marimba (8)
- Clydie King, Venetta Fields – korvokal (5, 13, 14, 17)
- Joe Green – korvokal (14, 17)
- Gram Parsons – korvokal (6)
- Chris Shepard – tamburin (11)
- Jerry Kirkland – korvokal (13, 17)
- Mac Rebennack, Shirley Goodman, Tami Lynn – korvokal (14)
- Kathi McDonald – korvokal (15)
Teknisk
- Glyn Johns – lydteknikar
- Andy Johns – lydteknikar
- Joe Zaganno – lydteknikar
- Jeremy Gee – lydteknikar
- Doug Sax – mastering
- Robert Frank – plateomslag og konsept
- John Van Hamersveld – design
- Norman Seeff – design
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]Årslister[endre | endre wikiteksten]
Salstrofé[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
|
- Album på toppen av VG-lista
- Rolling Stones-album
- Musikkalbum frå 1972
- Dobbeltalbum
- Beste album gjennom tidene hos Rolling Stone 2012
- Beste album gjennom tidene hos Rolling Stone 2020
- Album produserte av Jimmy Miller
- Atlantic Records-album
- Rolling Stones Records-album
- Virgin Records-album
- Countryrock-album
- Britiske folkemusikkalbum
- Britiske rhythm and blues-album
- Britiske soul-album
- Plateomslag av John Van Hamersveld
- Album spelte inn i Sunset Sound Recorders
- Nummer-ein-album i Canada
- Nummer-ein-album i Nederland
- Nummer-ein-album i Spania
- Nummer-ein-album i Storbritannia
- Nummer-ein-album i USA
- Nummer-ein-album i Sverige