Elias Canetti
Elias Canetti | |||
| |||
Fødd | 25. juli 1905 Ruse | ||
---|---|---|---|
Død | 14. august 1994 Zürich | ||
Nasjonalitet | Storbritannia, Bulgaria | ||
Område | roman | ||
Yrke | skribent, aforismeforfatter, skodespelforfattar, kjemikar, essayist | ||
Alma mater | Universitetet i Wien | ||
Ektefelle | Veza Canetti | ||
Medlem | Deutsche Akademie für Sprache und Dichtung Bayerische Akademie der Schönen Künste |
Elias Canetti (25. juli 1905–13. august 1994) var ein tyskspråkleg bulgarsk-fødd sefardisk-jødisk forfattar og mottakar av Nobelprisen i litteratur (1981).
Elias Canetti vart fødd i Rustschuk (no Ruse), ein hamneby ved Donau-elva i Bulgaria, tett ved den rumenske grensa. Han snakka flytande jødespansk og bulgarsk frå tidleg barndom av. I 1911 flytte familien til England, der Elias lærte engelsk. Etter at faren døydde i 1912, levde familien eit omflakkande liv i dei tyskspråklege landa Tyskland, Sveits og Austerrike. Frå 1924 av budde han i Wien, der han i 1929 oppnådde doktorgraden i kjemi. Han vart stort sett buande i Wien fram til han og kona Veza laut flykte derifrå etter at Austerrike vart innlemma i det nazistiske Tyskland i 1938. Dei flytte til England i 1939 og vart buande der til etter krigen. Frå 1970-åra heldt han stadig meir til i Sveits, der han så vart buande frå 1980-åra til han døydde i Zürich den 13. august 1994.
Verkliste
[endre | endre wikiteksten]Skodespel
[endre | endre wikiteksten]Romanar
[endre | endre wikiteksten]- 1935 - Die Blendung (norsk omsetjing: Forblindelsen, 1993)
Sakprosa
[endre | endre wikiteksten]- 1960 - Masse und Macht
- 1969 - Der andere Prozess: Kafkas Briefe an Felice
- u.å. - Hitler nach Speer
- 1975 - Das Gewissen der Worte
Sjølvbiografi
[endre | endre wikiteksten]- 1977 - Die Gerettete Zunge
- 1980 - Die Fackel ihm Ohr: Lebensgeschichte 1921-1931
- 1985 - Das Augenspiel: Lebensgeschichte 1931-1937
Foreløpig uklassifisert
[endre | endre wikiteksten]- 1934 - Komoedie der Eitelkeit
- 1965 - Aufzeichnungen 1942-48
- 1968 - Die Stimmen von Marrakesch
- u.å. - Die Provinz des Menschen Aufzeichnungen 1942-1972
- 1974 - Der Ohrenzeuge. Fuenfzig Charaktere
- 1987 - Das Geheimherz der Uhr: Aufzeichnungen
- u.å. - Die Fliegenpein
- u.å. - Nachträge aus Hampstead