El Loco
El Loco Studioalbum av ZZ Top | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juli 1981[1] | |
Innspelt | 1981 | |
Sjanger | ||
Lengd | 36:53 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Bill Ham | |
ZZ Top-kronologi | ||
---|---|---|
Degüello (1979) |
El Loco | Eliminator (1983)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Robert Christgau | B+[3] |
The Rolling Stone Album Guide | [4] |
El Loco er det sjuande studioalbumet til det amerikanske rockebandet ZZ Top, gjeve ut i 1981. Tittelen tyder «Den galne» på spansk. Gitaristen og songaren i bandet, Billy Gibbons, har sagt at innspelinga av dette albumet var første gongen dei tre medlemmane i bandet var isolerte frå kvarandre i studio, i staden for at dei spelte inn musikken samstundes i same rommet. Det synte òg framover mot den meir synthesizer-baserte retninga seinare i tiåret, og dei eksperimenterte noko med synthesizer på enkelte spor.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]El Loco vart produsert av Bill Ham og spelt inn og opphavleg miksa av Terry Manning. I motsetnad til fleire av dei tidlegare albuma til ZZ Top, vart ikkje dette albumet miksa på nytt då det kom ut på CD i 1987. Den originale miksen har derfor alltid vore tilgjengeleg.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Billy Gibbons, Dusty Hill og Frank Beard.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Tube Snake Boogie» | 3:03 |
2. | «I Wanna Drive You Home» | 4:44 |
3. | «Ten Foot Pole» | 4:19 |
4. | «Leila» | 3:13 |
5. | «Don't Tease Me» | 4:20 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «It's So Hard» | 5:12 |
7. | «Pearl Necklace» | 4:02 |
8. | «Groovy Little Hippie Pad» | 2:40 |
9. | «Heaven, Hell or Houston» | 2:32 |
10. | «Party on the Patio» | 2:49 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Billy Gibbons – gitar, vokal
- Dusty Hill – bassgitar, korvokal, solovokal på «Party on the Patio», andre solovokal på «Don't Tease Me»
- Frank Beard – trommer, perkusjon
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Produsent – Bill Ham
- Lydteknikar – Terry Manning
- Før-produksjon - Linden Hudson
- Mastering – Bob Ludwig
- Design – Bob Alford
- Fotografi – Bob Alford
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album – Billboard (USA)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1981 | Pop Albums | 17 |
Singles – Billboard (USA)
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1981 | «Leila» | Pop Singles | 77 |
1981 | «Pearl Necklace» | Mainstream Rock | 28 |
1981 | «Tube Snake Boogie» | Mainstream Rock | 4 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «El Loco» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «ZZ Top». Ultimate Music Database. Henta 30. september 2018.
- ↑ El Loco på Allmusic
- ↑ Robert Christgau. «ZZ Top». Henta 30. september 2018.
- ↑ Cross, Charles R. (2004). «ZZ Top». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4. utg.). Simon & Schuster. s. 907–8. ISBN 0-7432-0169-8.