Frank Beard
Utsjånad
Frank Beard | |||
Beard med ZZ Top i 2014 | |||
Fødd | 11. juni 1949 (75 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Frankston, Texas, United States | ||
Fødenamn | Frank Lee Beard | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1969 | ||
Sjanger | Hardrock, bluesrock, rock | ||
Instrument |
| ||
Tilknytte artistar | ZZ Top, American Blues, The Cellar Dwellars, The Hustlers, The Warlocks | ||
Plateselskap | Rhino, RCA, Warner Bros., London | ||
Verka som | Låtskrivar musikar |
Frank Lee Beard (fødd 11. juni 1949) er ein USA-amerikansk trommeslagar i rockbandet ZZ Top. Beard var tidlegare i banda The Cellar Dwellers, The Hustlers, The Warlocks og American Blues[1] før han byrja å spele med Billy Gibbons og Dusty Hill som ZZ Top.
Beard var fødd i Frankston i Texas. Seint i 1969 vart han med i The Moving Sidewalks, eit band som kom til å bli ZZ Top. Beard introduserte òg Gibbons for bassisten og vokalisten Dusty Hill, som Beard hadde spelt med i banda American Blues, The Warlocks og The Cellar Dwellers. Bandet gav ut debutplata si ZZ Top's First Album på London Records i januar 1971.
Trass i at etternamnet hans tyder «skjegg» på norsk, er det Hill og Gibbons som har langt skjegg som varemerke.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Frank Beard (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Dansby, Andrew (25. februar 2004). «Rock and Roll Hall of Fame 2004: ZZ Top: Texas blooze men celebrate thirty years of fuzz». Rolling Stone. Copyright 2011: Jann S. Wenner, editor and publisher. Arkivert frå originalen 2. april 2018. Henta 22. juni 2011.