Ekte sypress
Ekte sypress | |
Ekte sypress | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av ekte sypress | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Bartre Pinophyta |
Klasse: | Pinopsida |
Orden: | Furuordenen Pinales |
Familie: | Sypressfamilien Cupressaceae |
Underfamilie: | Cupressoideae |
Slekt: | Sypresslekta Cupressus |
Art: | Ekte sypress C. sempervirens |
Vitskapleg namn | |
Cupressus sempervirens |
Ekte sypress eller middelhavssypress (Cupressus sempervirens) er eit høgt, slankt bartre av sypress-slekta i sypressfamilien. Den opphavlege varianten (Cupressus sempervirens var horizontalis) er frå Kreta, Egearhavet og kysten av Tyrkia.
Dei fleste variantar har kulturelt opphav i Midtausten, Tyrkia og Kypros, men sypress veks no også vilt i store bestandar i Italia, Frankrike, Spania og Nord-Afrika.
Treet vert inntil 35 meter høgt, og har konisk, høgreist kroneform. Treet kan verta 1 000 år gammalt, og dei halvcentimeter lange hannkonglane slepp frå seg pollen allereie i februar-mars. Dei 4 cm lange hokonglane er brune og runde med få, tillukka skjel.
Variantar med oppoverveksande greiner og ekstra slank form vert kalla festigiate (eller festigiata). Dette er populære park- og allétre òg i tempererte strøk som Sør-Afrika, Australia, USA, Canada, Storbritannia og sørlege Norden.
Nokre av dei vanlegaste variantane er:
- * Cupressus sempervirens var. horizontalis (opphavleg, truga)
- * Cupressus sempervirens var. sempervirens
- * Cupressus sempervirens var. festigiata (oppreist, slank variant)
- * Cupressus sempervirens var. stricta (oppreist, konisk variant)
Sypress er er mykje av eit landemerke for landskapet i middelhavsregionen, ikkje minst i Italia. Han er òg ein kulturplante som vart dyrka som allétre sidan Romarriket. Ei rekkje kunstmålarar har måla landskap med høgreiste og oppoverveksande sypressar under opphald i Italia og andre middelhavsland.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
[[VincVincent van Gogh er blant dei mange målarane som skildra sypresslandskap
-
Den opphavlege varianten - horizontalis
-
Hokonglar av sypress
-
Stricta-varianten frå Symi i Hellas
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ekte sypress» frå Wikipedia på bokmål, den 1. oktober 2018.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- A. Mitchell, oversatt av I. Gjærevoll (1977). Trær i skog og hage. Tiden. s. 72. ISBN 82-10-01282-7.
- O. Polunin og A. Huxley, norsk utgave P. Sunding (1978). Middelhavsflora. NKI-Forlaget. s. 52–53. ISBN 82-562-0490-7.
- H. Vedel (1977). Trær og busker ved Middelhavet. Cappelen. s. 24. ISBN 82-02-03708-5.
- M. Blamey og C. Grey-Wilson (2004). Wild Flowers of the Mediterranean (2 utg.). A & C Black. s. 28. ISBN 0-7136-7015-0.
- «Cupressus sempervirens». The Gymnosperm Database. Henta 3. februar 2017.
- A. Frajon (2013). «Cupressus sempervirens». The IUCN Red List of Threatened Species. doi:10.2305/IUCN.UK.2013-1.RLTS.T32518A2821211.en.
- G. Brofas m.fl. (2006). «The natural environment of Cupressus sempervirens in Greece as a basis for its use in the Mediterranean region». Land Degradation & Development 17 (6): 645–659. ISSN 1099-145X. doi:10.1002/ldr.750.