Crystal Japan
Utsjånad
Crystal Japan Singel av David Bowie | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | Februar 1980 | |
Innspelt | 1979 | |
Sjanger | Ambient | |
Lengd | 3:08 | |
Selskap | RCA Records 553270 (Japan) | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent | ||
David Bowie-kronologi | ||
«Alabama Song» (1980) |
Crystal Japan | «Ashes to Ashes» (1980)
|
«Crystal Japan» er eit instrumental stykke skriven av David Bowie og gjeven ut som singel i Japan våren 1980.[1] Han vart spelt inn under innspelinga for Scary Monsters.[2][3] Han vart i 1979 nytta i ein japansk reklame for sake Crystal Jun Rock. Bowie var med i reklamen. Bowie sa derimot at songen ikkje var laga spesifikt for dette.[4] Opphavleg hadde han tittelen «Fuje Moto San»,[5] og var meint som avslutningssong på Scary Monsters før han vart erstatta av «It's No Game (No. 2)».[2][3]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]- «Crystal Japan» (David Bowie) – 3:08
- «Alabama Song» (Bertolt Brecht, Kurt Weill) – 3:51
Andre utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- Songen vart gjeven ut som B-sida til singelen «Up the Hill Backwards» i mars 1981. «Teenage Wildlife» var opphavleg meint som B-sida til singelen før Bowie fann ut prisen tilhengjarane måtte betale for å importere «Crystal Japan», og insisterte på at songen fekk ei utgjeving i Storbritannia.
- I 1992 vart han gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av albumet Scary Monsters (and Super Creeps).
- Han finst òg på samleplata Rare frå 1982, All Saints frå 2001 og på Re:Call 3, ein del av plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) (2017).[6]
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Anonymous – Top 10 Party Dance Cassette
- The Drop Outs – Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
- Trent Reznor frå Nine Inch Nails tok melodien frå «Crystal Japan» og nytta han som grunnlaget for sporet «A Warm Place», som kom ut i 1994 på albumet deira The Downward Spiral.[7] På den offisielle nettsida til Bowie stod det seinare at dei to songane var så like at «A Warm Place» var «ein svakt skjult cover» av «Crystal Japan».[8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Crystal Japan» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 978-1-903111-14-7
- ↑ «Crystal Japan». Pushing Ahead of the Dame (på engelsk). 1. september 2011. Henta 31. august 2021.
- ↑ 2,0 2,1 Chris O'Leary (2019). Ashes to Ashes: The Songs of David Bowie, 1976-2016: p. 163
- ↑ 3,0 3,1 Nicholas Pegg (2016). The Complete David Bowie: p. 67
- ↑ Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.108
- ↑ David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story: s.366
- ↑ «A NEW CAREER IN A NEW TOWN (1977 – 1982) - David Bowie Latest News». DavidBowie.com. 22. juli 2016. Arkivert frå originalen 30. mai 2014. Henta 18. august 2021.
- ↑ Hamish Brown (20. februar 2013). «The best David Bowie tracks you've never heard». The List. Henta 31. august 2021.
- ↑ «Japanese Crystal Japan Tv Campaign And 45 Are Thirty». DavidBowie.com. 7. april 2010. Henta 31. august 2021.