Adygia
Adygia • Adygeja | |||
Адыгея | |||
republikk | |||
|
|||
Nasjonalsong: Hymna åt Adygia | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Region | Nord-Kaukasus | ||
Del av | Det sørlige føderale distrikt | ||
Hovudstad | Majkop | ||
Areal | 7 600 km² | ||
Folketal | 451 471 (1. januar 2016)[1] | ||
Språk | russisk, adygisk | ||
Tidssone | UTC +3 (MSK) | ||
Adygia 44°39′N 40°00′E / 44.65°N 40°E | |||
Kart over Adygia.
| |||
Wikimedia Commons: Adygea |
Adygia eller Adygeja[a] er ein republikk i Russland og eit av dei føderale subjekta i Den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Majkop. Arealet er 7600 km².
Adygia ligg i det nordvestlege Kaukasus, fullstendig omringa av Krasnodar kraj. I nord er det sletteland, i sør startar Kaukasus-fjella. Høgste punkt er fjellet Tsjugusj (3 238 m.o.h.)
Omtrent 61,5 % av innbyggjarane er russarar. Adygar, eit kaukasisk folkeslag, utgjer 24,3 %, armenarar 3,5 %, ukrainarar 1,3 % og kurdarar 1,0 %.[4]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Adygane er nært beslekta med dei andre kaukasiske folkeslaga kabardinar og tsjerkessarar. Historisk har alle desse tre folkeslaga vore kjent som tsjerkessarar. Frå 1557 av hadde adygane hatt venlege forbindelsar med Russland. På slutten av 1700-talet starta den russiske ekspansjonen sørover mot Kaukasus. I løpet av dei påfylgjande krigane, spesielt i perioden mellom 1859 og 1864, utvandra store mengder adygar til det osmanske riket eller vart tvangsdeporterte. Byen Majkop vart grunnlagd i 1857 som russisk festning. Etter den russiske revolusjonen var Adygia frå hausten 1918 til mars 1920 i hendene på kontrarevolusjonære styrkar (kvitegardistar). I 1922 vart det adygiske autonome området oppretta. Frå august 1942 til februar 1943 var området okkupert av tyskarane.
Med oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart Republikken Adygia oppretta som ein del av den russiske føderasjonen. Khazret Sovmen har vore president sidan 2002. Han, og fleirtalet av resten av makteliten i Adygia er adygar. Som reaksjon på dette har det vorte oppretta ein organisasjon som kallar seg Unionen av Slavarar, som hevdar at etniske russarar vert diskriminerte i Adygia. Dei arbeider for at Adygia skal slåast saman med Krasnodar kraj, men har førebels ikkje fått gjennomslag for dette blant makthavarane i Moskva.
Ved parlamentsvalet i Adygia 13. desember 2006 vart Sameint Russland det klart største partiet, medan Kommunistpartiet vart nest størst.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.gks.ru/free_doc/new_site/population/demo/Popul2016.xls.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «26. Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2018 года». Henta 23. januar 2019.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 https://www.gks.ru/storage/mediabank/PrPopul2021.xls.
- ↑ "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010