195
193 | 194 | 195 | 196 | 197 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
195 (romartal CXCV) var eit normalår som byrja på ein onrsdag. I samtida i Romarriket var det kjend som året då Scrapula og Clemens var konsular, eller sjeldnare som år 948 ab urbe condita.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]- Romarriket
- Keisar Septimius Severus fekk det romerske senatet til å erklæra Commodus som guddommeleg i eit forsøk på å innynda seg hjå familien til Marcus Aurelius.
- Kong Vologases V av Partia og andre austlege fyrstar støtta Pescennius Niger sitt krav om keisartrona. Provinsen Mesopotamia gjorde opprør med støtte frå Partia. Keisar Severus drog til Mesopotamia for å kjempa mot partarane.
- Den romerske provinsen Syria blei delt opp og rolla til Antiokia minska. Romarane annekterte dei syriske byane Edessa og Nisibis.
- Den sju år gamle sonen til Severus, Lucius Septimius Bassianus (Caracalla), endra namnet sitt til «Marcus Aurelius Antoninus» for å styrka banda til Marcus Aurelius-familien. Han blei også gjeven tittelen cæsar.
- Clodius Albinus, som var blitt utropt til keisar i Britannia, gjekk inn i Gallia med legionane sine. Etter å ha rekruttert fleire soldatar der blei han leiar for ein hær på 150 000 mann.
- Kina (Han-dynastiet)
- Den siste Han-keisaren Xian av Han flykta frå Chang'an der han hadde vore kontrollert av Li Jue og Guo Si. Han levde deretter eit omflakkande og fattig liv med hoffet sitt.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]Døde
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]<< 100 | 101 | 102 | 103 | 104 | 105 | 106 | 107 | 108 | 109 | 110 | 111 | 112 | 113 | 114 | 115 | 116 | 117 | 118 | 119 | 120 | 121 | 122 | 123 | 124 | 125 | 126 | 127 | 128 | 129 | 130 | 131 | 132 | 133 | 134 | 135 | 136 | 137 | 138 | 139 | 140 | 141 | 142 | 143 | 144 | 145 | 146 | 147 | 148 | 149 | 150 | 151 | 152 | 153 | 154 | 155 | 156 | 157 | 158 | 159 | 160 | 161 | 162 | 163 | 164 | 165 | 166 | 167 | 168 | 169 | 170 | 171 | 172 | 173 | 174 | 175 | 176 | 177 | 178 | 179 | 180 | 181 | 182 | 183 | 184 | 185 | 186 | 187 | 188 | 189 | 190 | 191 | 192 | 193 | 194 | 195 | 196 | 197 | 198 | 199 >>