100-talet
Utsjånad
< 100-talet > var ei stordomstid for Han-dynastiet i Kina, som utvida maktområdet sitt inn i Sentral-Asia i første delen av hundreåret, men var plaga av korrupsjon og opprør i andre halvdelen, og fall i byrjinga av det neste. Også Romarriket hadde ein stabil og god periode på 100-talet under fem gode keisarar, og nådde si største utstrekking under keisar Trajan. Den romerske freden tok slutt mot slutten av hundreåret, då den siste «gode keisaren», Marcus Aurelius, døydde i 180 og sonen Commodus tok over.
Afrika
[endre | endre wikiteksten]- Ptolemaios verka som vitskapsmann i Alexandria. Han skreiv fleire verk innan astronomi, geografi og musikk som skulle få stor innverknad på seinare muslimsk og europeisk vitskap.
- Bruk av dromedarar mogleggjorde transsaharahandel mellom Nord-Afrika og Afrika sør for Sahara.
Amerika
[endre | endre wikiteksten]Asia
[endre | endre wikiteksten]- Buddhistisk Gandhara-kunst hadde tydeleg gresk innverknad.
- Pandya-dynastiet herska i austre Sør-India.
- Tsjera-dynastiet hadde makta lengst sør i India (dagens Kerala).
Europa
[endre | endre wikiteksten]- 122–132: Hadrians mur blei bygd på grensa mellom romersk England og Skottland.
- 132–135: Det jødiske Bar Kokhba-opprøret mot romarriket blei slått ned. Det førte til at jødane blei bortviste frå Jerusalem, som blei lagd i ruinar.
- Gundestrupkjelen, eit sølvkar med dekorasjonar frå keltisk mytologi som enda opp i Skandinavia, blei laga av keltarar i dette hundreåret.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «2nd century» frå Wikipedia på engelsk, og «IIe siècle» frå Wikipedia på fransk den 17. januar 2008.
Denne artikkelen om eit årstal er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. Sjå òg: Oversyn over årstalsspirer. |
<< 100 | 101 | 102 | 103 | 104 | 105 | 106 | 107 | 108 | 109 | 110 | 111 | 112 | 113 | 114 | 115 | 116 | 117 | 118 | 119 | 120 | 121 | 122 | 123 | 124 | 125 | 126 | 127 | 128 | 129 | 130 | 131 | 132 | 133 | 134 | 135 | 136 | 137 | 138 | 139 | 140 | 141 | 142 | 143 | 144 | 145 | 146 | 147 | 148 | 149 | 150 | 151 | 152 | 153 | 154 | 155 | 156 | 157 | 158 | 159 | 160 | 161 | 162 | 163 | 164 | 165 | 166 | 167 | 168 | 169 | 170 | 171 | 172 | 173 | 174 | 175 | 176 | 177 | 178 | 179 | 180 | 181 | 182 | 183 | 184 | 185 | 186 | 187 | 188 | 189 | 190 | 191 | 192 | 193 | 194 | 195 | 196 | 197 | 198 | 199 >>