Some Girls
Some Girls Studioalbum av The Rolling Stones | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 9. juni 1978 | |
Innspelt | 10. oktober – 21. desember 1977, 5. januar – 2. mars 1978 | |
Studio | Pathé Marconi Studios i Paris | |
Sjanger | Rock, rhythm and blues, blues, country | |
Lengd | 40:45 | |
Selskap | Rolling Stones | |
Produsent | The Glimmer Twins | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
---|---|---|
Black and Blue (1976) |
Some Girls | Emotional Rescue (1980) |
Singlar frå Some Girls | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
The A.V. Club | A[2] |
Blender | [3] |
The Great Rock Discography | 7/10[4] |
MusicHound | 4/5[5] |
NME | 9/10[6] |
Record Collector | [6] |
The Rolling Stone Album Guide | [7] |
Uncut | [8] |
The Village Voice | A[9] |
Some Girls er eit album av The Rolling Stones frå 1978. Albumet vert rekna som eit av høgdepunkta deira og det beste albumet etter Exile on Main St.. Albumet gav nytt liv i karrieren deira og gjenoppretta The Rolling Stones som eit vitalt rock and roll-band i ei tid fylt av punkrock og disco. Det vart òg det mestseljande albumet til bandet i USA med meir enn seks millionar selde eksemplar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Då punkrocken steig fram, vart The Rolling Stones, som mange andre samtidige band, rekna som kulturelle dinosaurar. Mick Jagger var provosert av denne merkelappen og ønskte å svare dei gjennom tekstane sine. For Rolling Stones sin del hjelpte det likevel at bandet hadde vore idol for mange av punkrockarane på 60-talet og den opprørske haldninga til bandet på denne tida var med på å påverke pønkarane på 70-talet.
I tillegg var Ronnie Wood med i bandet for fullt. Some Girls var det første albumet der han medverka som fullt medlem av bandet. Gitarstilen hans utfylte gitarspelinga til Keith Richards. Wood sin pedal steel-gitar vart eit av kjennemerka til bandet, og den uvanlege måten han spelte instrumentet på kjem tydeleg fram på Some Girls. I tillegg hadde Jagger gjennom dei siste åra lært seg å spele gitar, og medverka med tredjegitar på fleire songar.
Mick Jagger vert generelt rekna som den kreative krafta bak Some Girls, mellom anna fordi Keith Richards var oppteken i rettsapparatet på denne tida. I tillegg til punk, hevdar Jagger at han var inspirert av dansemusikk, mest av alt disco. Dette kjem fram på signaturlåten på plata, «Miss You».[10]
For første gong sidan Beggars Banquet frå 1968, var det hovudsakleg kjernen i bandet, som no bestod av Mick Jagger, Keith Richards, Charlie Watts, Ronnie Wood og Bill Wyman, som medverka til albumet, i tillegg til Ian McLagan, tidlegare i The Faces, som spelte tangentinstrument, og munnspelvirtuosen Sugar Blue medverka på fleire songar, samt saksofonisten Mel Collins og Simon Church, som spelte perkusjon. Med Jagger på gitar var ikkje turnemanageren Ian Stewart med på innspelingane, sidan han følte pianoet hans vart overflødig. Dette vart derfor eit av få album der han ikkje medverkar. Ei alternativ historie fortel at Stewart boikotta innspelingane fordi han meinte bandet høyrdest ut som 'bloody Status Quo'!
Heroinmisbruket til Keith Richards, som han vart fengsla for i Toronto tidleg i 1977, var til stor uro i bandet. Richards vart ein gong for alle kvitt dette misbruket i løpet av sommaren 1977 og fekk igjen eit større fokus på musikken, men han stod i fare for å verte dømd til fleire år i fengsel. I oktober 1978 fall dommen, og til Richards sin lettelse slapp han fengsel, men måtte halde ein veldedighetskonsert. For å feire ein ny start på livet la Richard igjen til ein ekstra «s» i namnet sitt, og vart frå den tid heitande Keith Richards, etter at han i 15 år hadde skrive namnet som Keith Richard.
Innspelinga av Some Girls starta i oktober 1977, med ein pause rundt juletider og oppstart igjen på nyåret. Innspelinga var ferdig i mars 1978. Med ny platekontrakt med EMI i Storbritannia gjorde dei innspelinga i EMI sitt Pathé Marconi Studios i Paris, ein stad dei skulle nytte seg av fleire gonger seinare. The Rolling Stones enda opp med å spele inn om lag femti ny songar, og fleire av desse kom seinare på Emotional Rescue og Tattoo You i nyinnspelte utgåver.
Plateomslaget til plata vart teikna av Peter Corriston, som òg utforma dei omslaga til dei tre neste albuma. Det vart nytta bilete av fleire kjende kvinner, men då plata kom ut trua fleire av desse med rettssak, sidan bandet ikkje hadde spurt om løyve til å bruke bilete av dei. Desse var mellom andre Lucille Ball, Farrah Fawcett, Liza Minnelli (som representerte mora Judy Garland) og Raquel Welch.
Ein anna kontrovers var teksten på tittelsongen, ei lang tankerekke om kvinner av forskjellige nasjonalitetar og rasar. Linja «Black girls just wanna get fucked all night» førte til sterke protestar frå fleire grupper, mellom anna Jesse Jackson sitt PUSH.
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]I mai 1978 kom den første singelen frå albumet, «Miss You», med ein enkel disco-rytme og bluesaktige popharmoniar. Singelen fekk særs god respons og nådde førsteplassen i USA og tredjeplassen i Storbritannia. I Noreg stoppa songen på 11. plass. Albumet vart òg godt motteke då det kom ut i juni same året. Det nådde førsteplassen i USA, andreplassen i Storbritannia og tredjeplassen i Noreg.
I 2003 vart albumet rangert på 269. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Miss You» | 4:48 |
2. | «When the Whip Comes Down» | 4:20 |
3. | «Imagination» (Whitfield, Strong) | 4:38 |
4. | «Some Girls» | 4:37 |
5. | «Lies» | 3:12 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Far Away Eyes» | 4:24 |
7. | «Respectable» | 3:07 |
8. | «Before They Make Me Run» | 3:25 |
9. | «Beast of Burden» | 4:25 |
10. | «Shattered» | 3:47 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]The Rolling Stones
- Mick Jagger – solovokal (alle utanom 8), korvokal (1-3, 6, 8-10), elektrisk gitar (1-5, 7), piano (6), perkusjon (10)
- Keith Richards – elektrisk gitar (alle spor), korvokal (1-3, 6, 8-10), akustisk gitar (4, 6, 8, 9), bassgitar (4, 8), piano (6), solovokal (8)
- Bill Wyman – bassgitar (1-3, 5-7, 9), synthesizer (4)
- Charlie Watts – trommer (alle spor)
- Ronnie Wood – elektrisk gitar (alle utanom 6), korvokal (1-3, 6, 8, 10), pedalsteel (2, 6, 10), akustisk gitar (4, 9), bassgitar (10), basstromme (10)
Andre medverkande
- Sugar Blue – munnspel (1, 4)
- Ian McLagan – elektrisk piano (1), orgel (3)
- Mel Collins – saksofon (1)
- Simon Kirke – congas (10)
- Ted Jensen – mastering
Salslister og salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Vekeslister
[endre | endre wikiteksten]
Singlar[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Frankrike (SNEP)[39] | Gull | 365,100[40] |
Nederland (NVPI)[41] | Gull | 50 000^ |
New Zealand (RMNZ)[42] | Platina | 15 000^ |
Storbritannia (BPI)[43] | Gull | 100 000^ |
USA (RIAA)[44] | 6× Platina | 6 000 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Some Girls» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ lenkje
- ↑ «Review: The Rolling Stones: Some Girls · Music Review · The A.V. Club». avclub.com.
- ↑ «Maxim». blender.com.
- ↑ «The Rolling Stones Some Girls». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 27. november 2014. Henta 28. mars 2018.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 952. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ 6,0 6,1 «The Rolling Stones – Some Girls CD». CD Universe/Muze. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «The Rolling Stones: Album Guide». rollingstone.com. Henta 28. mars 2018.
- ↑ link Arkivert 5. desember 2010 ved Wayback Machine.
- ↑ Christgau, Robert (26. juni 1978). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 28. mars 2018.
- ↑ Wenner, Jan. Rolling Stone. Jagger Remembers[daud lenkje] 14. desember 1995.
- ↑ 11,0 11,1 11,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ 12,0 12,1 «The Rolling Stones – Some Girls – austriancharts.at» (ASP). Henta 28. mars 2018.
- ↑ «Top Albums/CDs – Volume 29, No. 19, August 05 1978». RPM. Henta 28. mars 2018.
- ↑ 14,0 14,1 «dutchcharts.nl The Rolling Stones – Some Girls» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 28. mars 2018.Merknad: vel 'The Rolling Stones' frå lista.
- ↑ 16,0 16,1 16,2 {{cite web|url=http://www.hitparadeitalia.it/hp_yenda/lpe1978.htm%7Ctitle=Hit[daud lenkje] Parade Italia – Gli album più venduti del 1978|language=it|publisher=hitparadeitalia.it|accessdate=28. mars 2018}
- ↑ Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9.
- ↑ 18,0 18,1 «charts.org.nz The Rolling Stones – Some Girls». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 1. oktober 2013. Henta 28. mars 2018.
- ↑ 19,0 19,1 «norwegiancharts.com The Rolling Stones – Some Girls» (ASP). Henta 28. mars 2018.
- ↑ Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2.
- ↑ 21,0 21,1 «swedishcharts.com The Rolling Stones – Some Girls» (ASP). Sverigetopplistan. Henta 28. mars 2018.
- ↑ 22,0 22,1 22,2 22,3 «The Rolling Stones > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 28. mars 2018.
- ↑ 23,0 23,1 23,2 23,3 23,4 23,5 23,6 23,7 23,8 «Allmusic: Some Girls : Charts & Awards : Billboard Albums». allmusic.com. Henta 28. mars 2018.
- ↑ 24,0 24,1 «Album Search: The Rolling Stones – Some Girls» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «ultratop.be The Rolling Stones – Some Girls» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). Ultratop. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «Top Albums/CDs – Volume 29, No. 19, August 05 1978». RPM. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 28. mars 2018.Note: user must select 'The Rolling Stones' from drop-down.
- ↑ «ザ・ローリング・ストーンズ-リリース-ORICON STYLE-ミュージック» [Highest position and charting weeks of Some Girls (2011 deluxe edition) by The Rolling Stones]. oricon.co.jp (på japansk). Oricon Style. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «spanishcharts.com The Rolling Stones – Some Girls» (ASP). Hung Medien. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «The Rolling Stones – Some Girls – hitparade.ch» (ASP). Hung Medien (på tysk). Swiss Music Charts. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «Austriancharts.at – Jahreshitparade 1978». Hung Medien. Arkivert frå originalen 29. oktober 2009. Henta 2. mai 2010.
- ↑ «RPM Top 100 Albums of 1978». RPM. 30. desember 1978. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «Dutch charts jaaroverzichten 1978». Dutchcharts.nl. Henta 2. april 2014.
- ↑ «Les Albums (CD) de 1978 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 11. juli 2013. Henta 1. mai 2012.
- ↑ «Complete UK Year-End Album Charts». Arkivert frå originalen 11. januar 2012. Henta 2. april 2014.
- ↑ «Top Pop Albums of 1978». billboard.biz. Arkivert frå originalen 31. desember 2012. Henta 2. mai 2013.
- ↑ «RPM Top 100 Albums of 1979». RPM. 22. desember 1979. Henta 3. mai 2011.
- ↑ Nielsen Business Media, Inc. Billboard.com – Year End Charts – Year-end Albums – The Billboard 200. Henta 4. mai 2013.
- ↑ «French album salstrofé – The Rolling Stones – Some Girls» (på fransk). InfoDisc. Select THE ROLLING STONES and click OK
- ↑ «Les Albums Or :» (på fransk). Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 24. april 2014. Henta 21. august 2013.
- ↑ «Dutch album salstrofé – The Rolling Stones – Some Girls» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers.
- ↑ «NZ Top 40 Albums Chart – 28. november 2011». Recorded Music NZ. Henta 18. april 2014.
- ↑ «British album salstrofé – The Rolling Stones – Some Girls». British Phonographic Industry. Enter Some Girls in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – The Rolling Stones – Some Girls». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
469: Clandestino Manu Chao |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 468 Some Girls The Rolling Stones |
467: BLACKsummersnight Maxwell |
271: The Beach Boys Today! The Beach Boys |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 270 Some Girls The Rolling Stones |
269: Psychocandy The Jesus and Mary Chain |
- Rolling Stones-album
- Musikkalbum frå 1978
- Album produserte av The Glimmer Twins
- Atlantic Records-album
- Rolling Stones Records-album
- Virgin Records-album
- Plateomslag av Peter Corriston
- Nummer-ein-album i USA
- Nummer-ein-album i Canada
- Beste album gjennom tidene hos Rolling Stone 2012
- Beste album gjennom tidene hos Rolling Stone 2020