Sukker
- Denne artikkelen handlar om kategorien av karbohydrat. For bordsukker, sjå sukrose.
Sukker er ein type karbohydrat som gjev menneske og mange andre dyr ein søt smak om dei et dei. Dei er energirike, ofte lett nedbrytbare i kroppen, og er eit viktig drivstoff i livsprosessane. I daglegtale vert ordet «sukker» for det meste brukt om sukrose, bordsukker.
Sukker i kjemien
endreSukker er eit fellesnamn på monosakkarid og disakkarid. Monosakkarida fruktose (fruktsukker), glukose (druesukker), og disakkarida sukrose, maltose og laktose (mjølkesukker) er vanlege sukker.
Sukker inneheld aldehydgrupper eller ketongrupper.
Deoksyribose, som er ein viktig del av DNA-molekylet er òg eit sukker.
Sukker i matlaging
endreSukker vert brukt i matlaging for å gje søt smak til mat. Brus og godteri er matvarer som ofte inneheld mykje sukker.
Sukrose til bruk i mat vert seld som farin, melis, perlesukker og sukkerbitar. I tillegg kan ein få kjøpt druesukker og fruktsukker.
Produksjon
endreSukker kan utvinnast frå plantar som sukkerrøyr og sukkerroe.
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- Sugar and Molasses, Starch and Glucose Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.. Om utvinning og produksjon av sukker i Storbritannia gjennom historia.Denne kjemiartikkelen som har med biologi og mat å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.