Salarisk
Salarisk er eit tyrkisk språk som blir tala av salarar, ei folkegruppe som hovudsakleg held til i grenseområdet mellom Qinghai- og Gansu-provinsane i Kina. Det finst rundt 115 000 salarar. Om lag 60 000 av dei snakkar salarisk, medan resten snakkar kinesisk.
Salarisk Salırça, سالارچا | ||
Klassifisering | Altaisk Tyrkisk Austtyrkisk Salarisk | |
Bruk | ||
Tala i | Folkerepublikken Kina | |
Salarisktalande i alt | 60 000 | |
Skriftsystem | Kinesisk skrift | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | slr | |
Wikipedia på salarisk |
Slektskap
endreSalarisk stammar frå oghuztyrkisk, som mellom anna tyrkisk og turkmensk også gjer. Ettersom språket har utvikla seg langt aust frå desse språkområda, er det blitt påverka av fleire austtyrkiske språk, og blir derfor også rekna til den uiguriske språkgruppa som også inneheld uigurisk. Det blir derfor gjerne rekna som eit austtyrkisk språk, nokre gonger tilmed som ein uigurisk dialekt. Moderne salarisk er også sterkt påverka av tibetansk og kinesisk, både når det gjeld fonologi og ordtilfang.
Status
endreSalararar er ei offisielt anerkjend folkegruppe i Kina, og salarisk er offisielt språk i alle sjølvstyrande salarområde.[1]
Skriftsystem
endreSalarisk blir skrive med kinesisk skrift. Tidlegare brukte ein arabisk skrift, som med mange andre tyrkiske språk. Det er også gjort forsøk på å utvikla eit latinsk skriftsystem for språket.
Fonologi
endreSalarisk fonologi er påverka av tibetansk og kinesisk. Som i andre tyrkiske språk har /k, q/ og /g, ɢ/ blitt ulike fonem på grunn av lånord.[2] Salariske vokalar er som dei tyrkiske, med dei bakre vokalane a, ɨ, o u og dei fremre vokalane e, i, ø, y.[3]
Labial | Dental | Retrofleks | Alveolopalatal | Velar | Uvular | Glottal | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Plosiv | p | b | t | d | k | ɡ | q | ɢ | ||||||
Affrikat | t͡ʂ | d͡ʐ | t͡ɕ | d͡ʑ | ||||||||||
Frikativ | f | v | s | z | ʂ | ɕ | x | ʁ | h | |||||
Nasal | m | n | ||||||||||||
Approksimant | l r | j |
Kjelder
endre- ↑ Fèlix Martí (2005). Fèlix Martí, red. Words and worlds: world languages review. Volume 52 of Bilingual education and bilingualism (illustrated utg.). Multilingual Matters. s. 123. ISBN 1853598275. Henta 6-3-2011.. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia
- ↑ 2,0 2,1 Dwyer & 2007 96
- ↑ Dwyer 2007, s. 121
- «Salarisk» i Den store danske
- Denne artikkelen bygger på «Salar language» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Hahn, R. F. 1988. Notes on the Origin and Development of the Salar Language, Acta Orientalia Hungarica XLII (2–3), 235–237.
- Dwyer, A. 1996. Salar Phonology. Unpublished dissertation University of Washington.
- Dwyer, A. M. 1998. The Turkic strata of Salar: An Oghuz in Chaghatay clothes? Turkic Languages 2, 49–83.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Dwyer, Arienne M (2007). Salar: A Study in Inner Asian Language Contact Processes; Part 1: Phonology. Harrassowitz Verlag. ISBN 3-447-04091-2.
- Lars Johanson, Classification of Turkic languages (1998) The History of Turkic. I Lars Johanson & Éva Ágnes Csató (eds) The Turkic Languages. London, New York: Routledge, 81-125.
Bakgrunnsstoff
endre- Salar Language Materials. Nokre døme på salarisk (skrive med pinyin) ved sino-platonic.org
- Salar grammatical sketch Arkivert 2011-07-16 ved Wayback Machine. av Arienne M. Dwyer
- Salır Vikipediyasığa. Salarisk forsøkswiki ved Wikipedia Incubator.