Tyrkisk
Tyrkisk høyrer til den tyrkiske språkfamilien, og blir snakka av ca. 80 mill. menneske i Tyrkia, og av tyrkiske mindretal på Kypros, i Hellas, på Balkan (mellom anna i Bosniea og Albania) og i Nordeuropa (der det til dømes er det største minoritetsspråket i Danmark og Tyskland).
Tyrkisk Türkçe | ||
Klassifisering | Altaisk Tyrkisk Sørtyrkisk Tyrkisk | |
Talarar | Tyrkarar | |
Bruk | ||
Tala i | Tyrkia Bulgaria Kypros Hellas Republikken Makedonia Romania Usbekistan | |
Tyrkisktalande i alt | 80 626 000[1] | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Normert av | Türk Dil Kurumu | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | tr | |
ISO 639-2 | tur | |
ISO 639-3 | tur | |
Wikipedia på tyrkisk |
Grammatikk
endreTyrkisk er eit agglutinerande språk. Den dominerande morfologiske prosessen er suffiksering, suffiks eller endingar blir lagt etter kvarandre etter stammar, og verb og substantiv blir bøygd i tid, person og tal. Det inneber at det er mogleg å lage svært lange ord, t.d. 'Çekoslovakyalılastıramadıklarımızdan mısınız' ('Er du ein av dei, vi ikkie kunne tsjekkoslovakisere?').
Særlege kjenneteikn er m.a.:
- tyrkisk har ikkje grammatisk genus, det er ikkje skilnad mellom han og ho, begge er o)
- det er vokalharmoni i alle ord (bortsett frå låneord og nokre få tyrkiske ord)
- i syntaksen blir det brukt setningsforkortingar i staden for leddsetningar, t.d. 'Anadolu'da bulunan Ankara çok güzel bir şehir' ('Ankara, som ligg i Anatolia, er ein svært vakker by').
Skriftspråk
endreTyrkisk er påverka av arabisk og vart fram til Kemal Atatürk sin reform i 1928 skrive med arabiske bokstavar. Det tyrkiske alfabetet har ein del bokstavar som ikkje finst i t.d. det norske alfabetet:
- ı (schwa, blir uttalt som siste vokal i det norske ordet 'danse')
- ğ (stumt 'g', blir ikkje uttalt)
- ş (sj)
- ç (tsj)
Litteratur
endre- Göksel, Aslı & Celia Kerslake (2005). Turkish: A Comprehensive Grammar. London: Routledge. "The Most Recent Comprehensive Grammar In English."
- Kononov, A. N (1956)., Grammatika Sovremennogo Turetskogo Literaturnogo Jazyka, Akademiya Nauk SSSR Institut Vostokovedenija, Moskva-Leningrad, 569 S.(Tıpıkbasım (2001), Multilingual, İstanbul)
- Kornfilt, J. (1997), Turkish, London: Routledge.
- Lees, Robert B. (1961), The Phonology Of Modern Standard Turkish, Indiana University, Bloomington, Mouton And Co. The Hague, Netherlands, Vii+76 S.
- Lewis, G. L. (1967). Turkish Grammar. Oxford University Press. Isbn 0-19-815838-6.
- Nash, Rose (1973), Turkish Intonation, Mouton.
- Swift, Llyod B. (1963), A Reference Grammar Of Modern Turkish, Indiana University, Bloomington, Mouton And Co. The Hague, Netherlands, 267 S.+4 Analyses (Tables).
- Underhill, Robert (1976). Turkish Grammar. Cambridge, Ma: Mit Press.