[go: up one dir, main page]

Fotografi av en buddhistisk gudestatue.
Buddhismen er den eldste universalreligionen.
Fotografi av en buddhistisk gudestatue.
Lisens: CC BY SA 3.0

Ein universalreligion er ein religion som meiner han er gyldig for alle menneske, uavhengig av tid, stad, kjønn, etnisk gruppe eller yrke.

Somme av dei som tilhøyrer ein universalreligion, tenkjer på religionen sin som den einaste sanninga.

Dei tre største universalreligionane i verda er kristendom, islam og buddhisme.

Nokre religionar er ikkje universalreligionar, men i staden sterkt knytte til ei bestemt gruppe menneske. Slike religionar blir kalla etniske religionar. Samisk religion er eksempel på ein slik.

Misjon

Både kristendom og islam driv med misjon. Det vil seie at dei oppsøker menneske frå andre religionar, og prøver å få dei til å gå over til sin eigen religion. Det gjer dei fordi dei meiner at religionen deira er den einaste rette.

Hinduisme er ikkje ein universalreligion på same måte som kristendom og islam, fordi denne religionen først og fremst finst i India og Nepal, og ikkje driv aktiv misjon. Men hinduismen er ein verdsreligion, og mange delar av læra har spreidd seg til andre kulturar og folk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bente Groth
Religionshistoriker