[go: up one dir, main page]

ein mann med skjold og hjelm med vengjer rettar eit spyd mot ein stor, sint ulv med store tenner. I bakgrunnen ser ein ein mann på hest som slåst mot ein mann som står på bakken med eit blodig sverd.
Under Ragnarok blir Fenrisulven sleppt laus. Her slåst ulven med guden Odin.
Teikning
Av .

Ragnarok er verdas undergang i den norrøne mytologien. Det startar med ein forferdeleg krig. Så kjem det ein lang og frykteleg vinter som blir kalla Fimbulvinteren. Til slutt er det er stort slag. Der kjempar gudane, som heiter æser, mot jotnane, som er fiendane deira. Når slaget er over, brenn heile verda. Nokre få gudar og to menneske overlever.

Etter ragnarok startar alt på nytt.

Fimbulvinteren

Ragnarok byrjar i menneskeverda, Midgard. Først blir det tre år med vondskap, vald og krig. Alle slåst mot alle og alt blir øydelagt. Så kjem fimbulvinteren. Han er kald og forferdeleg og varer i tre år. Jorda frys, og menneska døyr.

Det brenn over alt. To ulvar sluker sola og månen. Stjernene forsvinn frå himmelen. Det blir heilt mørkt. Så byrjar jorda å skjelve.

Jotnane kjem

Loke og Fenrisulven har vore bundne av gudane, men no slepp dei laus. Midgardsormen kryp opp av havet. Alle jotnane kjem til Åsgard, i skipet Naglfar. Det er laga av neglene til døde menneske, og Loke styrer det. Jotunen Surt kjem med det logande sverdet sitt.

Det siste slaget

Det siste slaget finn stad på den store sletta Vigrid. Guden Heimdall er vaktaren til gudane. Han passar på regnbogebrua Bifrost. No blæs han i Gjallarhornet. Tonane høyrest over heile verda, og alle gode og vonde makter samlast.

Odin er hærføraren til gudane. Einherjane kjempar saman med dei. Det er krigarar som har falle i slag, og som har budd hos Odin eller Frøya. Der har dei trena til dette siste slaget, sjølv om dei veit at ingen kjem til å vinne.

Dei fleste gudane døyr:

  • Fenrisulven sluker Odin.
  • Vidar, sonen til Odin, drep Fenrisulven.
  • Tor drep Midgardsormen, men blir sjølv drepen av gifta til ormen.
  • Loke og Heimdall drep kvarandre.
  • Frøy blir drepen av jotunen Surt.
  • Til slutt utslettar Surt verda med eld.

Dei som overlever

Vidar og Våle, sønene til Odin, overlever. Det gjer òg Tor sine søner, Magne og Mode. Balder og Hod kjem tilbake, frå dødsriket Hel.

Berre to menneske overlever. Dei heiter Liv og Livtrase. Dei har gøymt seg i skogen og ete morgondogg. Frå dei skal det komme nye menneske.

Ei ny verd

Ragnarok er òg starten på noko nytt. Ei ny, grøn jord vil komme opp av havet. Der er det store fossar og åkrar som sår seg sjølv. Ei ny sol skal varme.

Eit nytt spel

Gudene samlar seg på ei slette som heiter Idavollen. Der finn dei spelebrikkene til dei gamle gudane. Dei er av gull. Så set dei opp brikkene og byrjar å spele. Dette er eit teikn på at alt startar på nytt.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Marie Næss
Universitetet i Oslo