Kroppen treng oksygen frå lufta rundt seg for å leve. Samstundes lagar kroppen gassen karbondioksid, som han treng å kvitte seg med. Når ein pustar inn, tek kroppen inn oksygen. Når ein pustar ut, slepper han ut karbondioksid.
lungene
Beskriving
Alle menneske har to lunger. Hjå ein vaksen person veg lungene til saman omlag éin kilo. Den høgre lunga er litt større enn den venstre.
Når ein pustar inn, kjem lufta inn gjennom munnen og nasen, før han går gjennom eit luftrøyr til lungene. Lungene er delt inn i lappar. Høgre lunge er delt inn i overlappen, midtlappen og underlappen. Venstre lunge er delt i overlappen og underlappen.
Midt på brystet deler luftrøyret seg i to røyr. Desse røyra blir kalla hovudbronkiar og går til kvar si lunge. I lungene deler hovudbronkiane seg i mindre lappebronkiar. Det er like mange lappebronkiar som lappar.
Dei minste røyra blir kalla bronkiolar. Desse blir til stadig mindre delar som blir kalla lungeblærer eller alveolar.
Oppgåver
Det er lungene ein bruker til å puste. Eit vakse menneske som held seg i ro, trekkjer pusten 12 til 16 gonger i minuttet. Kvar gong pustar ein inn omlag ein halv liter luft. Når kroppen er aktiv, må lungene puste oftare.
Når ein pustar inn, tek ein luft inn i lungene. I lufta finst det oksygen, som kroppen treng. Ein del av lufta ein pustar inn, blir trekt heilt ut i dei små lungeblærene. Der blir molekyl av oksygen overførte til blodet. Samtidig blir det overført molekyl av karbondioksid, frå blodet til lufta i lungeblærene. Når ein pustar ut, slepper ein karbondioksidet ut i lufta rundt seg.
Lufta ein pustar inn, inneheld omlag 21 prosent oksygen og berre 0,04 prosent karbondioksid. Lufta ein pustar ut, inneheld omtrent 16,3 prosent oksygen og 4,5 prosent karbondioksid.
Det vesle krinsløpet
Det er lungene som tek opp oksygen frå lufta når ein pustar, men heile kroppen treng oksygen for å verke. Difor blir oksygen overført frå lungene til blodet. Det er hjartet som pumpar blodet rundt i kroppen.
Lungene og hjartet er kopla saman, i det som blir kalla det vesle krinsløpet. Blod med lite oksygeni, blir pumpa frå høgre hjartekammer og ut i lungene gjennom blodårene. I lungene slepper blodet frå seg karbondioksid og tek opp oksygen. Så blir blod med mykje oksygen i, ført tilbake til venstre framkammer av hjartet. Frå venstre hjartekammer blir blodet pumpa rundt i resten av kroppen.