Helgen er ein person som blir rekna som heilag i ein religion. Helgenar blir ofte rekna for å ha ei spesiell kontakt med Gud.
Mange kristne helgenar er martyrar, det vil seie at dei blei drepne fordi dei var kristne. Andre blei anerkjende som helgenar fordi dei var svært gode menneske, som ofra seg for at andre skulle få det betre.
Før nokon kan bli anerkjend som helgen, blir det som regel gjennomført grundige undersøkingar frå leiarane i eit kyrkjesamfunn.
Helgenar blir dyrka gjennom å be til dei, eller reise til stader dei levde eller døydde.
Gravstadene deira blir ofte oppfatta som heilage. Restane av dei døde kroppane deira (relikviane) kan òg bli oppfatta slik. Dei er då pakka inn i vakre teppe. Dei truande kan då berøre dei, for slik å hente styrke frå heilagdommen deira. Det er vanleg, særleg for katolikkar og ortodokse, å fare på pilegrimsreiser til slike stader.
Eit berømt pilegrimsmål er Lourdes i Frankrike. Der meinte den 14 år gamle Bernadotte Soubirous at ho møtte Jomfru Maria 18 gonger. Kvart år reiser tusenvis av menneske dit.
Ein del kristne trur at helgenar kan utføre mirakel, som å gjere ein sjuk person frisk, eller få blinde til å sjå igjen. Nettopp derfor reiser mange sjuke menneske til Lourdes.