Beskriving
Haren har gråkvit pels, som blir heilt kvit om vinteren. Langs kysten på Vestlandet, særleg på Jæren, får ikkje haren kvit pels. Om det ikkje blir snø om vinteren, blir den kvite haren veldig synleg for rovdyr.
Ein vaksen hare veg mellom to og fem kilo, og er opptil 60 cm lang. Haren har lange bakbein, store auge og lange øyre. Han både ser og høyrer svært godt.
Levevis
Haren lever for det meste åleine, og er mest aktiv om natta. Haren lever som oftast i skog, men finst òg langs kysten og i fjellet, over tregrensa. Om sommaren et han gras og urter. Om vinteren et han kvistar, og gneg bork av trea.
Bæsjen til haren er forma som tørre og runde kuler. Haren har òg ein annan bæsj, som kjem frå blindtarmen. Sidan gras og bork er vanskeleg å fordøye, pleier haren å ete denne bæsjen sjølv. Då får haren endå meir næring ut av maten han har ete.
Haren er byttedyr for rev, kongeørn, gaupe og mår. Haren pleier å liggje heilt stille, dersom han merkar at det er rovdyr i nærleiken. Pelsfargen gjer at det ikkje er lett å få auge på haren. Dersom haren merkar at han er oppdaga, vil han springe raskt av garde. Han kan hoppe på kryss og tvers for å forvirre rovdyra.
Formeiring
Haren får eitt til tre kull med ungar i året. Kvart kull har éin til tre ungar. Ungane blir fødde godt gøymde på bakken. Hareungane er mykje åleine. Då er det mindre sjanse for at rovdyr finn dei. Hoa matar ungane berre éin gong om dagen.
Harejakt
I Noreg blir det jakta på hare i perioden 10. september til 28. februar. Jakt på hare med hund kom til Noreg på 1600-talet. Utover 1700-talet vart harejakt ei jakt for rike folk. Dei sende ut store flokkar med hundar, som spora opp harane. Utover 1800-talet hadde harejakta vorte meir vanleg. Dei fleste gardane i landet hadde hundar som passa til harejakt.
I dag er det ikkje lov å jakte på harar med hundar i flokk. Mange jegerar brukar ikkje hund i det heile teke. Sidan haren som oftast ligg heilt i ro når han er trua, så oppdagar jegerane haren først når han spring av garde. Mange jegerar oppdagar harar, når dei eigentleg jaktar på fuglar.