[go: up one dir, main page]

Diverse frukt og grønnsaksjuice i ulike glassbeholdere. Foran ligger forskjellige frukter, blant annet melon, drue, blodappelsin, jordbær, kiwi, morell og ananas. Foto
Juice frå frukt er populær drikke over heile verda.
Shutterstock.

Frukt blir danna i blomane til planter. Det er vanleg at ein brukar ordet frukt om dei søte eller syrlege fruktene som finst i butikken.

Nokre frukter kan etast og kan smake søtt eller surt. Nokre kan etast som dei er, andre blir brukte som ingrediens i matrettar, eller til å lage syltetøy og jus.

Frukter som ikkje smakar så søtt, og som ein bruker mest til middag, blir ofte kalla grønsaker. Til dømes tomat, som er frukta av tomatplanten.

Typar

Sitroner på et tre.

Sitronar er ein etande frukt, som smakar surt.

Fotografi
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Frukt er eit samleomgrep på plantedelar som har frø. Dei blir danna i blomane til plantene. Frukt finst alle stader i verda der det veks planter som har blomar. Ikkje all frukt kan etast, og nokre frukter er giftige.

Nokre plantar blir dyrka på grunn av fruktene. Nokre frukter finst det naturleg mange typar av, andre har menneske dyrka fram. Ingen veit sikkert kor mange fruktsortar som finst i verda.

Eple er eit døme på ei frukt med mange tusen sortar. Sortane kan ha ulike fargar, som grøn, gul og raud, og dei kan smake ulikt.

Bruk

Fotografi
Eple blir dyrka mange stader i Noreg. Her ved innsjøen Eikeren på grensen mellom Buskerud og Vestfold.
Fotografi
Av /NTB.
  • Mykje frukt kan etast som ho er.
  • Frukter kan brukast i dessertar og kaker.
  • Ein kan lage saft eller syltetøy. Dette heiter å sylte.
  • Frukt kan tørkast. Døme på tørka frukt er dadlar, fiken, aprikos og rosiner.
  • Viss fruktsaft gjærar, blir sukkeret i safta gjort om til alkohol. På denne måten blir druesaft til vin, og eplesaft til sider.

Frukt i Noreg

skål med ulik tørka frukt

Tørka frukt har meir smak og lenger haldbarheit enn fersk frukt, som for eksempel rosiner, aprikosar, svisker og bananar. Tørka frukt kan for eksempel brukes på grøt, frokostblanding eller i kaker.

Foto
Av /Shutterstock.

I Noreg dyrkar ein fleire typar frukt, som eple og plomme. Nokre frukter veks ikkje like godt i det kalde klimaet i Noreg. Difor kjem frukter som appelsin, banan, kiwi og melon i norske butikkar frå utlandet. Dei vert dyrka på planter som veks i område med høg temperatur, som i landa rundt Middelhavet og sørover mot ekvator.

Næringsinnhald

Frukt inneheld store mengder vitamin, som kroppen treng mykje av for å halde seg frisk. Helsedirektoratet, som gir råd om helse til alle som bur i Noreg, seier at alle bør ete fem porsjonar frukt og grønsaker kvar dag. Éin porsjon frukt kan for eksempel vere eit glas jus eller ein banan.

Frukt i botanikken

Det er vanleg at folk snakkar om frukt og bær som ulike ting. I botanikken, som er vitskapen om plantar, blir frukt brukt om plantedelane som inneheld frø. Fruktene blir danna i blomane til plantene, og kan sjå veldig ulike ut.

I botanikken er derfor frukter delt inn i fleire kategoriar:

  • Bær er kjøttfulle og inneheld ofte mange frø. Til dømes er blåbær eit bær. Det same er agurk, graskar og vassmelon.
  • Steinfrukter er kjøttfulle frukter som vanlegvis inneheld eitt frø. Morellar og plommer er døme på steinfrukter.
  • Nøtter er frukter med hardt skal rundt frøet. Hasselnøtt er døme på ei nøtt.
  • I nokre frukter er botnen av blomen svulma opp og utgjer det ein kallar frukta. Desse heiter hjelpefrukter, og eple og jordbær er døme på slike.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Unni Vik
Førsteamanuensis, OsloMet – storbyuniversitetet