[go: up one dir, main page]

portrett av flodhest

Auga, øra og nasebora sit høgt oppe på hovudet, slik at dei er over vatn når resten av kroppen er under vatn. Huda har berre nokre få hår.

Foto frå Okavango i Botswana.
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Flodhest er eit stort pattedyr som lever i Afrika. Han ligg heile dagen i vatn for å halde seg avkjølt. Om natta går han opp på land og et gras.

Beskriving

vaksen flodhest med to ungar på veg opp frå elva.

Flodhestar får vanlegvis berre éin unge. Men ungar frå tidlegare kol kan følgje mora og yngre søsken. Flodhestar lever i flokkar og mødrene passar ofte barna saman med dei andre mødrene i flokken.

Foto fra Mara-elva i Kenya
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Flodhesten har rund kropp med korte bein. Hovudet er stort og breitt med små øyre. Han er det tredje største pattedyret på land, berre elefant og nashorn er større. Kroppen er er 2,5–5 meter lang og veg 1400–4500 kilo.

Auga, øyra og nasebora er oppe på toppen av hovudet. Dei stikk opp av vatnet sjølv om flodhesten dukkar kroppen under. Han kan lukke nasebora og halde pusten under vatn i fem minutt. På føtene har flodhesten klauver og mellom tærne er det svømmehud.

Huda er grå og utan hår, unnateken på hovudet og halen. Huda skil ut ei raud væske sånn at det ser ut som flodhesten sveittar blod. Væska verkar på same måte som solkrem. Huda treng vatn for ikkje å tørke ut og sprekke opp.

Flodhesten kan gape veldig høgt. Då kan ein lett sjå dei store hjørnetennene, som kan bli ein halv meter lange.

Alle flodhestar har fire magar, men er ikkje drøvtyggjarar som kyr og sauer. Dei kan fordøye gras, så det er maten deira.

Levevis

Flodhesten står i vatn eller gjørme om dagen og et gras på land om natta. Han kan springe fort, meir enn 30 kilometer i timen. Flodhestar lever i flokkar som kan vere på mellom 10 og 100 dyr. Hannane markerer området til flokken med bæsj, som dei spreier med halen.

Når det er tørke, må fleire flokkar dele på vatnet. Då hender det at hannane slåst, men vanlegvis held det å gape og vise tenner.

Flodhestar lagar ulike lydar og er det einaste pattedyret som er kjend for å kommunisere med lyd som går gjennom luft og vatn samtidig.

Formeiring

liten flodhest går gjennom gras

Dvergflodhesten finst berre i nokre få land i Vest-Afrika, dei fleste lever i Sierra Leone, Liberia og Elfenbeinskysten.

Foto av dvergflodhest
Av /Shutterstock.

Hoa føder berre éin unge kvart andre år. Både paring og fødsel går føre seg i vatn. Ungane kan die mjølk frå mora under vatn med lukka nasebor. Dei blir avvende mjølk innan dei er eitt år. Ungane blir ofte i flokken med mora til dei sjølv blir vaksne og får barn.

Mødrene passar veldig godt på ungane, men dei kan bli etne av rovdyr som krokodiller, løver og hyenar.

Dvergflodhest

Den næraste slektningen til flodhesten er den sjeldne dvergflodhesten. Den er 1,5–1,75 meter lang og veg 160–270 kilo. Om dagen gøymer dvergflodhesten seg i vasskanten. Om natta lagar han stiar på land der han spreier bæsj med halen.

Dvergflodhesten et blad, røter, frukt og stenglar frå mange ulike plantar. Den kan òg ete fisk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Eli Knispel Rueness
Dr. scient., Universitetet i Oslo