Zoologi er læra om dyr og korleis dei lever. Zoologi er eit fag under biologi og er ein type naturvitskap.
Ein som har studert zoologi på universitetet, blir kalla zoolog. Zoologar studerer mange ulike ting, som
- kvar dyr bur
- korleis dyr oppfører seg
- korleis kroppane til dyra verkar
Zoologar studerer ofte ei lita gruppe av dyr, til dømes hjortar eller biller. Dyr er så ulike at det er vanskeleg å vere ekspert på mange dyr samtidig.