Vatn i rørsle har store krefter. Når elva renn bratt nedover, tek ho med seg småstein, grus og sand. Etter kvart som elva flatar ut, legg steinane og grusen seg på botnen eller langs sidene. Når elva grev seg ned og vidar seg ut på denne måten, kallar ein det for erosjon.
Renn elva nedover eit bratt fjell, blir elveløpet smalt og med ei djup V-forma renne. Slike elveløp kan bli til dalar. Der terrenget flatar ut vil elva bli brei og grunnare. Elva vil då grave seg sidelengs, i staden for nedover. Slike stader vil ein få breie elvesletter.
Kor mykje materiale elva kan frakte med seg, kjem an på kor raskt vatnet renn. I bratt terreng renn vatnet fort, og kan ta med seg stein og grus. Er terrenget slakt, blir elva brei og grunn, og vatnet renn sakte. I slike område kan ikkje elva ta med seg stein og grus, og elva vil berre klare å frakte små korn, som finkorna sand og leire.