Eksamen er ei slags prøve som er vanleg på skule, universitet og høgskule. Eksamen har ein på slutten av opplæringa i faget, for at elevane eller studentane skal vise kva dei har lært. På eksamen får ein alltid ein karakter eller ei vurdering.

eksamen
Beskriving
Eksamen er ei prøve som skal vise kor mykje elevar og studentar har lært i et fag. Det er tre hovudformar for eksamen:
- Skriftleg
- Munnleg
- Munnleg-praktisk
Elevar som treng det, kan søkje om å få tilrettelegging av eksamen. Då kan ein for eksempel få lengre tid, eit eige rom å sitje på eller lov til å bruke datamaskin.
Skriftleg eksamen
På skriftleg eksamen får elevane, eller studentane, éi eller fleire oppgaver dei skal løyse på papir eller datamaskin. Dei må sitje på ein bestemt plass, medan dei løyser oppgåva, og dei har ei avgrensa tid til å gjere det. Det er ikkje lov å samarbeide eller snakke saman.
På universitetet er det mange skriftlege eksamenar som ein skal svare på heime. Då får studentane nokre dagar til å skrive oppgåva, og så leverer dei inn eksamenen digitalt.
Munnleg eksamen
På munnleg eksamen får elevane ofte vite oppgåva på førehand, slik at dei kan førebu seg. På eksamen fortel ein om det ein har førebudd. Etterpå er det vanleg at ein får spørsmål om det ein har sagt, og ofte om andre ting ved faget òg.
Munnleg-praktisk eksamen
På munnleg-praktisk eksamen skal eleven vise noko praktisk på sjølve eksamenen. Det kan vere å byggje noko, gjere noko eller å vise eit eksperiment. Det er vanleg å ha munnleg-praktisk eksamen i fag som kroppsøving, musikk og yrkesfag.
Vurdering
Eksamen blir vurdert av ein person som blir kalla sensor. Det er sensor som gjev karakter på eksamen. Jobben til sensor er å vurdere kor mykje eleven kan. Hen skal ikkje leite etter det eleven ikkje kan.
I nokre fag kan ein få vurderinga bestått eller ikkje bestått, i staden for karakter. Ikkje bestått er det same som stryk, det vil seie at ein ikkje har klart eksamenen.
Elevar og studentar har rett til å klage på karakteren, dersom dei meiner at sensor har gjort feil vurdering.
I den norske skulen
I Noreg har elevar sin første eksamen i 10. klasse på ungdomsskulen. Alle elevar får éin skriftleg eksamen og éin som er munnleg eller munnleg-praktisk. Den skriftlege eksamenen er anten matematikk, norsk eller engelsk.
På vidaregåande skule er det eksamen kvart år, men det er ikkje alle som har eksamen etter det første og andre året. Det er eigne reglar for kva elevar som skal ha eksamen, og kva fag dei skal ta eksamen i. På slutten av det tredje året på vidaregåande, må alle elevane ta eksamen i fleire fag.
Elevar i grunnskulen og på vidaregåande får karakterar mellom 1 og 6 på eksamen. 6 er best, og 1 er stryk. Stryk betyr at eksamenen ikkje er godkjent.
Universitet og høgskule
På universitet og høgskular er det eksamen i nesten alle fag. Karakteren er ein bokstav mellom A og F. F er stryk og A er best.
Dersom studenten stryk, må hen ta eksamenen på nytt.
Les meir i Vesle norske leksikon
- karakterar
- skule
- universitet
- høgskule