
Schengensamarbeidet
Landa i Schengensamarbeidet
Ingen grensekontroll
Vanlegvis er det grensekontroll på grensa mellom to land. Personar som reiser over grensa, må vise pass og kanskje visum. Visum er eit løyve frå eit bestemt land om at ein person får reise inn i landet. Varer som blir sende over landegrenser, blir òg vanlegvis kontrollerte.
Grensekontrollen gjev kontroll over alt som kjem inn i landet, men kontrollen gjer det òg tungvint for folk å reise eller sende varer over landegrenser.
Derfor har landa i Schengensamarbeidet blitt samde om at folk og varer fritt kan reise over grensene mellom desse landa, utan å bli kontrollerte.
Samarbeidet er oppkalla etter den vesle byen Schengen i Luxembourg, der avtalen om samarbeidet blei underteikna.
Grensekontroll inn i Schengen-området
På grensa mellom eit land innanfor Schengensamarbeidet og eit land utanfor er det framleis grensekontroll. Folk som reiser frå til dømes Tyrkia (utanfor Schengen) til Hellas (innanfor Schengen) må vise pass, og kanskje visum, på grensa. Når dei er inne i Schengen-området, kan dei reise fritt mellom landa.
Politiet samarbeider
Ein annan del av Schengensamarbeidet er at politiet i landa arbeider saman om saker som er vanskelege å løyse for kvart enkelt land åleine. Det gjeld kriminalitet som skjer over landegrensene. Dei samarbeider til dømes om arbeid mot terrorisme, handel med narkotika eller våpen, og andre former for grov kriminalitet.