Siida er ei særeiga organisasjonsform for reindriftssamane og har ein sentral plass i dagens reindriftslovgiving. I reindriftslova blir omgrepet siida brukt om ei «gruppe av reineiere som utøver reindrift i fellesskap på bestemte arealer».
siida
Tyding
Ordet siida har fleire ulike tydingar på nordsamisk, mellom anna ‘fellesskap’ og ‘heim’. Tydingane står i innbyrdes samanheng: Siida er termen for den samfunnsstrukturen eller måten ein organiserte samfunnet på tidlegare, då det hovudsakleg var snakk om primærnæringar (jakt og andre utmarksnæringar, reindrift, jordbruk, handverk, fangst og fiske). Siida tyder òg «reinflokk (som nokon eig)». I denne tydinga peikar ordet mot sjølve reinbeitelandet og står for «heim», «heime», «hus» og «buplass».
Forvaltning
Reglane for fordeling og bruk av landområde var i tidlegare tider munnleg nedarva. Spesielle omsyn tok vare på dei som var utan evne til å sørgje for seg sjølve. Fordelinga bremsa dei sosiale ulikskapane i samfunnet, slik at skilnaden på dei rikaste og dei fattigaste ikkje vart for stor. I siidaen var bruksretten til jorda og retten til ressursane langt på veg felles eller fordelt mellom familiar og klanar.
Forvaltningsansvaret var både eit kollektivt og eit personlig ansvar, noko som gjorde at ein ikkje tok ut meir ressursar enn ein trong. Samstundes kan siidaen som samfunnsform forklare kvifor samar ikkje har vore særleg interesserte i å danne ein eigen stat. Siidasamfunna var små, opptil 200 personar, styrt av eit råd av eldre, med ein siida-isit som leiar. Rådet fungerte etter konsensus-prinsippet: Ei sak stod på dagsorden til alle kunne vere einige om utfallet.
Siida i dag
Siidasamfunnet fall meir og meir bort ettersom kolonimaktene utarma samane gjennom plyndring, urettvis handel og skattlegging, og tvinga eigne lover og reglar på bruken av land og vatn i Sápmi.
Den reindriftsnæringa som vert driven i dag, har ført vidare mange av dei eldre siida-prinsippa. I dagens samiske samfunn er siida nytta i tydinga «arbeidsfellesskap» organisert rundt reindrifta og avgrensa til spesifikke sommar- og vinterbeiteområde, familiar og enkeltmenneske, dyr og bygningar. Siida er dermed nærast synonymt med «sameby» eller «reinby».
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.