Ei poterne er i eldre norske forsvarsverk ein underjordisk eller overbygget gang, gjerne mellom kjernefestninga og eit utanforliggjande anlegg. Dette kan til dømes vere ein kaponier eller ein brønn eller anna som det er viktig å ha tilgang til sjølv under strid. Ei poterne kan også føre heilt ut av eit forsvarsverk og kan dermed brukast ved evakuering.
Små, skjulte poterner kan også gi forsvararane inn- eller utgangsmoglegheit ved ei omleiring. Også til dømes gamle bymurar kan ha poterner.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.