Oksitansk er eit språk som høyrer til den galloromanske greina av romanske språk i den indoeuropeiske språkfamilien. Det er truleg om lag 2 millionar menneske som snakkar oksitansk, men talet er sterkt omstridt. Dei fleste talarane bur i Sør-Frankrike. I tillegg blir oksitansk talt i Val d'Aran i Nord-Spania, i Monaco og i Valadas Occitanas i den italienske regionen Piemont (Piemonte).
I den spanske regionen som på oksitansk heiter Catalonha (katalansk Catalunya), er oksitansk offisielt språk ved sida av katalansk og kastiljansk (spansk). I Val d'Aran er oksitansk i vanleg bruk i administrasjonen, og det er eit obligatorisk skulefag. I Italia har oksitansk status som verna språk, og det er lov å bruke det i undervisning og i offisielle samanhengar. I Frankrike og Monaco har språket ingen offisiell status, men det er tillate å undervise i oksitansk i den franske skulen, og det finst nokre få oksitanskspråklege fjernsynssendingar.
Oksitansk er også kjent under namnet langue d'oc. Nemninga provençalsk har også vore brukt som fellesnemning for det sørfranske språket, men er i utgangspunktet ei snevrare nemning som skal brukast om språket i Provence. Namnet oksitansk kjem av latin lingua occitana, som er ei latinisering av langue d'oc, der oc betyr «ja».
Språket heiter først og fremst occitan [utsiˈta] på oksitansk, men det er òg kjent under namnet lenga d'òc [leŋgɔ ˈdɔ]. Occitània [utsiˈtanjɔ] er namnet på det oksitansktalande området. Landa språket blir talt i, heiter França [ˈfransɔ], Espanha [esˈpaɲɔ], Mónegue [ˈmunege] og Itàlia [iˈtaljɔ]. Provençal [pruvenˈsaw] 'provençalsk' blei tidlegare ofte nytta om det oksitanske språket, men i dag viser det helst til den oksitanske dialekten i Provença [pruˈvensɔ] (Provence).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.