Karelianismen var ei kunstretning i Finland frå 1890-åra til om lag 1920. Karelianismen kan både sjåast som eit finsk nasjonalromantisk uttrykk, og som ein finsk variant av interessa i tida for det eksotiske, opphavelege og primitive i folkelivet. Karelianismen kom til å utgjere ein gullalder i finsk kunst.
Etter krigen i 1808–1809 vart Finland skilt frå Sverige for å bli eit sjølvstyrt storfyrstedømme under tsaren av Russland. Mot slutten av 1800-talet begynte Russland å kneble sjølvstyret til Finland, i ein vekselverknad med aukande finsk sjølvkjensle og fridomstrang.
Den nasjonale identiteten var sterkt knytt til Kalevala, som er sett saman av folkedikt som er funne i Karelen. Mange kunstnarar gjennomførte reine pilegrimsvandringar til Karelen, der dei meinte at det «ekte finske» framleis var å finne. Denne interessa for Karelen kan til dels samanliknast med dei tankane ein har hatt i Noreg om at den gamle, autentiske folkekulturen har overlevd lenger i distrikt som Setesdal og Vest-Telemark.
Interessa for Karelen hang óg saman med diskusjonen om kva for delar av det karelske kulturområdet som skulle høyre til det finske riket.
Omgrepet karelianisme (karelianismi på finsk) vart først brukt av kunsthistorikaren Yrjö Hirn i ei avhandling om Akseli Gallén-Kallela.
Mellom dei viktigaste representantane for karelianismen kan nemnast forfattarane Juhani Aho og Eino Leino, komponisten Jean Sibelius, arkitektane Eliel Saarinen og Yrjö Blomstedt, og biletkunstnarane Severin Falkman, A. Gallén-Kallela, Albert Edelfelt og Eero Järnefelt. Fotografen Into Konrad Inha bidrog òg til utforskinga og bildet av Karelen med sine reiser i 1893 og 1894.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.