[go: up one dir, main page]

Hittegodslova er ei norsk lov som regulerer handteringa av ting som er mista og funne. Lova har mellom anna føresegner om kva som blir rekna som hittegods, korleis hittegods skal handterast, finnarlønn, forvaltningsoppgåvene til politiet, tvangssal, og føresegner om straff for ulovleg tileigning av hittegods.

Faktaboks

Fullt namn
lov om hittegods
Kortnamn
hittegodslova
Forkorting
hgl
Tredd i kraft
01.07.1953
Lovdata-ID
NL/lov/1953-05-29-3

Hittegodslova byggjer på reglar som var nærare 200 år gamle då lova vart vedteken. Desse ulovfesta reglane var i stor grad ufullstendige, og den utfyllinga som hadde vorte gjord gjennom rettspraksis, diverse særlover og administrative forskrifter, gjorde temaet uryddig og vanskeleg å finne fram i. Det knytte seg stor uvisse til kva som eigentleg var gjeldande rett blant allmenta, noko som vart rekna som problematisk ettersom dette var reglar som «folk flest» kunne ha behov for å kjenne. Det vart derfor viktig å kodifisere desse reglane i ei lov om hittegods.

Innhaldet i lova

Hittegodslova § 1 slår fast at «Hittegods er lausøyre som har kome bort for innehavaren utan at han ville det, og som nokon har funne og teke hand um». Har innehavaren oppgitt eigedomsretten, er det ikkje tale om hittegods. Denne grensa kan vere vanskeleg å trekkje. Også rømde pelsdyr eller ville dyr som er haldne i fangenskap, er hittegods. Derimot er ikkje bufe og andre husdyr, og dessutan ei rekkje andre lausøyreting som er omfatta av særlovgiving, rekna som hittegods. Nedgravne eller bortgøymde ting som det ikkje lengre er mogeleg å finne ein eigar til, er heller ikkje hittegods. Her skal finnaren og eigar av grunn eller bygning ha halvparten kvar. Er grunn/bygningseigar finnaren, tek han alt. Unntak gjeld for oldsaker og anna som fell inn under kulturminnelova. Her eig staten tinga, men det blir ytt finnarlønn etter eigne reglar til finnaren.

Veit finnaren kven som eig tingen, skal han sørgje for at eigaren får tingen tilbake eller blir bede om å kome og henta han. Viss finnaren ikkje veit kven tingen tilhøyrer eller eigaren ikkje kjem og hentar han på oppmoding, skal finnarane levere tingen til politiet. På transportmiddel og andre forsamlingsstader skal hittegods leverast til tilsette i verksemda. Til dømes har busselskap, kinoar og skular ofte store samlingar av attgløymde ting. Politiet skal prøve å finne ut kven som eig innlevert hittegods, eventuelt ved oppslag, annonsar eller liknande.

Hittegods som ikkje er henta eller utlevert til eigaren innan tre månader, blir selt av namsmaktene etter reglane om tvangssal. Av salsutbyttet blir ein tredel utbetalt til finnaren, medan to tredelar blir innbetalt til statskassa. Melder eigaren seg før salet, får han tingen igjen, eventuelt mot å betale ei nærare fastsett finnarlønn. Er hittegodset lettskjemt, eller på annan måte vil miste sin verdi før tre månader er gått, kan politiet selje godset uavhengig av tremånadersfristen.

Finnaren har krav på finnarlønn. Finnarlønn kan avtalast eller fastsetjast av politiet, eller gir lova reglar som seier at når finnarlønn vert fastsett, så skal det takast omsyn til kva slag gods det gjeld, kva verdi det har, kva stad det er funne og andre omstende i samband med funnet. Finnarlønn bør vanlegvis ikkje setjast til meir enn:

  • 20 prosent og ikkje over 15 kroner når verdien på godset er 100 kroner eller mindre
  • 15 prosent, men ikkje over 50 kroner på større verdi til det kjem opp i 500 kroner
  • 10 prosent når verdien er over 500 kroner

Etter hittegodslova blir den som ulovleg tileignar seg hittegods, straffa med bøter eller fengsel inntil seks månader. Unnlating av å melde ein funnen gjenstand til politiet, eller å levere den inn til politiet eller andre som skal ta vare på den, blir straffa med bøter. Rettspraksis viser at grensa mellom ulovleg tileigning av hittegods og tjuveri som blir straffa etter straffelova, kan vere flytande.

Historikk

Dei første kjende reglane om hittegods finn me i Christian den femtes Norske Lov av 1687 femte bok niande kapittel (NL 5-9). Dei ni føresegnene i denne har mange likskapstrekk med den nogjeldande hittegodslova vår frå 1953. Disse føresegnene vart etter kvart supplert av reglar i Plakat av 28. september 1767 ang. Omgangsmaaden med Hittegods, som findes paa Kjøpstæderenes Grund. Denne vart utvida til også å gjelde på landet ved Plakat av 5. desember 1812. Utover på 1800- og 1900-talet vart desse reglane endra og supplert ei rekkje gonger gjennom endringslover, forskrifter og rundskriv.

I eit sammøte om nordisk lovsamarbeid i 1950 vart spørsmålet om samarbeid om hittegodslovgivinga teke opp. Sverige og seinare Finland hadde allereie på plass hittegodslover frå 1938 og 1943. Danmark fekk den nye hittegodslova si på plass i 1952, og den danske hittegodslova tente som inspirasjonskjelde for den seinare norske lova frå 1953 som samanlikna med den danske lova hadde meir detaljerte reglar.

Fram til straffelova av 2005 fanst det ei eiga straffeføresegn for ulovleg tileigning av hittegods i straffelova av 1902 § 394. Frå 2005 er straffeføresegna i hittegodslova § 12 supplert av den alminnelege tjuveriregelen i straffelova av 2005 § 321.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gjerdrum, Ole (1971): Lærebok i spesiallover
  • Eriksen, Gunnar Ketil (2008): Kastet, mistet, glemt eller bortkommet? Jussens Venner 2/2008, sidene 136–154.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg