[go: up one dir, main page]

Blokkebær i blom. Finse.
Blokkebær. Bog Bilberry. Vaccinium uliginosum.
Blokkebær. Bog Bilberry. Vaccinium uliginosum.
Lisens: CC BY SA 3.0

Blokkebær er ein busk i bærlyngslekta. Bæra er lyseblå og saftige som blåbær, men kvite innvendig. Bæra er temmeleg smaklause, men ein kan ete dei ferske eller bruke dei til saft og syltetøy, slik ein gjer med blåbær.

Faktaboks

Også kjend som
skinntryte, mikkelsbær
Vitskapeleg namn
Vaccinium uliginosum
Beskriven av
Carl von Linné
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig

Skildring

Busken blir 40–70 centimeter høg. Blomane er, rosa, kvite eller raudaktige. Blada er ovale og ein til tre cm lange. Busken feller blada om hausten.

Bæra er lyseblå og saftige som blåbær, men kvite innvendig. Bæra er eggforma, noko kanta, matt blå og 6–10 mm i diameter.

Utbreeing

Busken er utbreidd i myrlendt mark over heile landet.

Bruke

Bæra er temmeleg smaklause og blir sjelden sanka her til lands, men ein kan ete dei rett frå busken nrå ein ein er på tur. Ein kan og sanke dei, og dei er fullt brukbare til fruktsuppe, saft og syltetøy. I Nord-Amerika har blokkebær tradisjonelt blitt brukt av urfolk.

Navn

Austlandet blir dei kalla skinntryte, på Sørlandet og i Vestfold og Østfold mikkelsbær.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Magnoliophyta blomsterplanter, dekkfrøingar, dekkfrøete planter
Klasse Eudicots tofrøbladete planter
Orden Ericales lyngordenen
Familie Ericaceae lyngfamilien
Slekt Vaccinium bærlyngslekta
Art Vaccinium uliginosum (skinntryte), blokkebær, (mikkelsbær)

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Vaccinium uliginosum
Tidlegare vitskapleg namn
Myrtillus uliginosa (L.) Drejer
Artsdatabanken-ID
101826
GBIF-ID
8073364

Kommentarar (2)

skreiv Gunnar Hansen

Er blokkebær også er en dvergbusk?

skreiv Unni Vik

Hei.
Ja, den er såpass liten at den går under definisjonen dvergbusk.

Alt godt, Unni

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg