Werner er eit mannsnamn som kjem av eldre tysk Wern-her. Forleddet tyder ‘vern’ og etterleddet ‘krigar’.
Werner (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Werner
Eit utval personar med namnet Werner, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Werner von Siemens (1816–1892)
- Werner Sombart (1863–1941)
- Werner Hosewinckel Christie (1877–1927)
- Werner Werenskiold (1883–1961)
- Werner Heisenberg (1901–1976)
- Werner Egk (1901–1983)
- Werner Christie (norsk flyoffiser) (1917–2004)
- Kari Werner Øfsti (1940–2011)
- Werner Herzog (1942)
- Rainer Werner Fassbinder (1945–1982)
- Jan Werner Danielsen (1976–2006)
Namnestatistikk
I 2022 var det 643 menn i Noreg som hadde Werner som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 5 gutar som fekk namnet Werner.
Av dei som heitte Werner i perioden 1900–2017, var det 66 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Werner. Dette inneber at 34 prosent hadde Werner som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Utvikling i bruk av namnet Werner frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.