[go: up one dir, main page]

Tanja er eit kvinnenamn som er russisk kjæleform av Tatjana.

Namnet har fleire variantar: Tania, Tanja, Tanya.

Namnedag er 13. juni. Tone og Tonje har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Tanja

Eksempel på ein person med namnet Tanja som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 403 kvinner i Noreg som hadde Tanja som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Det russiske Tanja var på topp 1970–1974. Også nokre andre tostava russiske namn på -a (Aina, Anja, Nina, Sonja og Vera) kan sjåast på som unntak innanfor perioden 1955–1999 då tostava namn på -e var den dominerande namnetypen, til dømes Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Rikke, Silje, Tine, Stine, Tone, Tonje, Tove, Trude, Vilde og Wencke.

Utvikling i bruk av namnet Tanja frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Tanja frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg