Svenn Torgersen er ein norsk psykolog og professor i klinisk psykologi ved Universitetet i Oslo frå 1986.
Torgersens forskingsområde er psykopatologi og personlegdomspsykologi, med særleg vekt på epidemiologi og genetikk. Han har gjennomført fleire større tvillingundersøkingar for å klargjere spørsmål om arvelegheit av psykiske sjukdomar.
Ved sida av ei rekkje internasjonalt publiserte arbeid, har han mellom anna gitt ut Personlighet og personlighetsforstyrrelser (1996). Han blei kåra til årets forskar ved UiO 1999.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.