Sotra er ei øy i Øygarden kommune i Vestland fylke, vest og sørvest for Bergen. Øya er 175,9 km2 med rundt 19 100 innbyggjarar (2017). Inntil kommunesamanslåinga i 2020 var Sotra delt i kommunane Fjell i nord og Sund i sør.
Sotra dannar eit småknausete og stort sett skoglaust landskap med lågareliggjande, oppdyrka område innimellom. Det høgaste punktet er Liatårnet (341 meter over havet) lengst søraust.
Sotra har brusamband med fastlandet via Bildøyna og Litlesotra til Bergenshalvøya (rv. 555). Folketalet har auka sterkt etter at fastlandssambandet blei etablert i 1971. Bruer fører frå Sotra nordover til øyane i gamle Øygarden kommune (fv. 561), vestover til Algrøyna (fv. 5238) og sørover til Toftøya (Fv. 5222).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.