Sebjørn er eit mannsnamn som kan forklarast på to måtar: 1. Form av norrønt Sig-bjǫrn. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘siger’ og etterleddet ‘bjørn’ (sjå Sigbjørn). 2. Form av norrønt Sæ-bjǫrn. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘sjø’ og etterleddet ‘bjørn’ (sjå Sæbjørn).
Sebjørn har særleg vore brukt i Buskerud.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.